Soga um Magnus Berrføtt

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Magnus Berrføtt

[1093—1103]


1. Magnus, son til kong Olav, vart tekin til konge i Viki yvi heile Norig, strakst kong Olav hadde andast. Men daa upplendingane spurde at kong Olav hadde andast, tok dei Haakon Toresfostre, systkinbarne hans Magnus, til konge. Sidan fór Haakon og Tore nord til Trondheim, og daa dei kom til Nidaros, stemnde han til Øyreting, og paa dette tinge bad Haakon um kongsnamn, og bøndane gav han de soleis, at dei tok han til konge yvi halve lande, liksom kong Magnus, far hans, hadde vori. Haakon lyste av all landøyre[1] for trøndine og gav deim mange andre rettarbøtar, og han lyste av jolegaavur til han og. Daa vart alle trøndine venir til kong Haakon. Han tok ut hird, og sidan fór han attende til Upplandi, og gav upplendingane alle dei same rettarbotane som trøndine, og dei vart og venine hans i alle maatar. Daa kvad dei ei vise i Trondheim, um at den unge Haakon var den beste mannen som fanst, og at han baud Magnus halve Norig, men at denne vilde have alt aaleine.


2. Kong Magnus fór um hausten nord til kaupangen, og daa han kom der, fór han radt til kongsgarden og tok herbyrge sitt der, og tøvra der i fyrstningi av vetteren. Han hadde 7 langskip i opi vaak i Nid-elvi utanfor kongsgarden. Men daa kong Haakon spurde at kong Magnus var komin til Trondheim, fór han austantil yvi Dovrefjell til Trondheim og inn til byen og tok herbyrge i Skule-garden nedanfor Klemenskyrkja; der var den gamle kongsgarden[2]. Kong Magnus lika ille dei store gaavune som kong Haakon hadde gjevi bøndane til aa gjera seg vensæl, og Magnus totte at de han hadde gjevi burt var likso mykje hans eigedom, og han vart harm i hugen, og totte han var mishaldin med dette som frenden hans hadde gjort, daa han no skulde hava so mykje mindre innkomur enn far hans og forfedrane hans hadde havt, og han gav Tore skuldi for dette. Kong Haakon og Tore merka dette, og dei vart rædde for kva Magnus vilde taka seg til, og dei totte de var hoste mistenkjelegt, at Magnus hadde langskip paa [1094] flot, baade tjelda og rigga. Um vaaren ved kyndilsmesstidir[3] lagde kong Magnus høgstnattes ut or byen, med skipi tjelda og ljos under tjeldi. Dei heldt ut til Hevring[4], og laag der um natti og gjorde upp store eldar uppe paa land. Daa tenkte Haakon og de mannskape som var i byen at dette var gjort paa svik. Han lét blaasa mannskape ut, og byfolke kom og til og heldt seg samla um natti. Men um morgonen, daa de tok til aa lysa og kong Magnus saag heile folke samla paa Øyri, heldt han ut or fjorden og sør i Gulatingslag. Daa gav kong Haakon seg og paa vegen og etla seg aust til Viki, men han heldt eit møte i byen fyrst og tala og bad folke um venskap og lova alle folk venskap igjen, og han sagde at han var ikkje so rettugt hugheil paa kva kong Magnus, frenden hans, vilde gjera. Kong Haakon sat paa hesten og var ferdabudd; alle mann lova han venskap og god vilje og hjelp, um han turvte de, og alt folke fylgde han ut under Steinberge[5]. Kong Haakon fór upp til Dovrefjell; men daa han reid yvi fjelle, reid han um dagen etter ei rjupe som flaug undan han; daa vart han sjuk og fekk banesott og døydde der paa fjelle. Dei flutte like hans nord att, og de kom til kaupangen ein halv maanad etter han var farin derifraa. Daa gjekk alt byfolke, og dei fleste graatande, imot like til kongen; for alle folk hadde lagt stor elsk paa han. Dei sette ned like til kong Haakon i Kristkyrkja. Kong Haakon vart vel 25 aar gamal; han er ein av dei hovdingane i Norig som aalmugen hev elska mest. Han hadde vori paa Bjarmelands-ferd, og der heldt han eit slag og vann.


3. Kong Magnus siglde um vetteren aust i Viki, og daa vaaren kom, styrde han sør til Halland og herja vidt og breidt. Han brende baade Viskardal[6] og andre bygdir og fekk mykje herfang, og so fór han attende til rike sitt. Bjørn Krepphendt[7] segjer i Magnusdraapa at kong Magnus gjorde eit fælt herverk der.


4. De var ein mann som heitte Svein, son hans Harald Flette; han var av dansk ætt, og ein stor viking og stridsmann og ein djerv kar og storætta heime i sitt eigi land. Han hadde vori med kong Haakon, og kongen heldt mykje av han. Daa kong Haakon var fraafallin, hadde ikkje Steigar-Tore nokor tru paa at han kunde koma til forlik eller venskap med kong Magnus, um han fekk magti yvi heile lande, for de som han hadde gjort mot kong Magnus og for di han hadde vori motstandaren hans. Sidan lagde Tore og Svein upp raad, og de kom i verk og, at dei skulde reisa ein flokk med den hjelpi og de store mannskape Tore hadde. Men for di at Tore paa den tid var ein gamal mann og tungfør, so tok Svein styringi yvi flokken og hovding-namne. Fleire hovdingar gjorde lag med deim, og den gjævaste av deim var Egil, son hans Aaslak fraa Forland[8]. Egil var lendmann og gift med Ingebjørg, dotter hans Ogmund Torbergsson og syster hans Skofte fraa Giske. De var ein megtug og rik mann som heitte Skjalg; han vart og med i denne flokken. Dette nemner Torkjel Hamarskald i Magnusdraapa. Tore og hine samla denne flokken paa Upplandi, og kom ned til Raumsdal og Sunnmøre og fekk seg skip, og so heldt dei nord til Trondheim.


5. De var ein lendmann som heitte Sigurd Ullstreng og var son hans Lodin Viggjarskalle[9]; han lét her-pili ganga og samla folk, daa han spurde til flokken hans Tore, og stemnde alt de mannskape han fekk, til aa møta paa Vigg. Svein og Tore styrde og dit med mannskape sitt og slost med Sigurd og vann og gjorde eit stort mannfall for han, men Sigurd flydde og fór til kong Magnus. Tore og hans fylgje fór til kaupangen og tøvra ei stund der i fjorden, og de kom mykje folk til deim. Kong Magnus høyrde tidend um dette og samla strakst mannskap, og so siglde han nord til Trondheim. Daa han kom inn i fjorden, og Tore og fylgje hans spurde dette, nett som dei laag ved Hevring og var reiduge til aa sigla ut av fjorden, so rodde dei til Vagnvik-strandi[10] og gjekk i land der og kom nord i Teksdal i Seljukverve[11], og dei bar Tore paa ei baar yvi fjelle. Der randae dei seg til skip og fór nord til Haalogaland; men kong Magnus fór etter deim, strakst han var seglbudd fraa Trondheim. Tore og hine fór nordetter alt til Bjarkøy, og Jon og Vidkunn, son hans, flydde undan. Tore og hine røva der all lausøyren og brende garden og eit godt langskip, som Vidkunn aatte. Daa skipe brann og halla til den eine sida, sagde Tore: «Meir til styrbord, Vidkunn.» Dette dikta dei ei vise um.


6. Jon og Vidkunn fór dag og natt, til dess dei fann kong Magnus. Svein og Tore heldt og søretter med sitt mannskap og røva vidt og breidt paa Haalogaland. Men daa dei laag i ein fjord som heiter Harm[12], saag dei kong Magnus kom siglande, og daa totte Tore og hine at dei hadde ikkje mannskap til aa slaast, og rodde undan og flydde. Tore og Egil rodde til Hesjutun[13], men Svein rodde ut til havs, og nokre av mannskape deira rodde inn i fjorden. Kong Magnus heldt etter Tore og Egil. Daa dei landa, rende skipi mot kvarandre, og daa stod Tore i fyrirome paa skipe sitt. Daa ropte Sigurd Ullstreng til han: «Er du frisk, Tore?» Tore svara: «Frisk paa hendane, men skral paa føtane.» Alt mannskape hans Tore flydde upp paa land, men Tore vart fanga. Egil vart og fanga, daa han ikkje vilde renna fraa kona si. Kong Magnus lét føra deim baae tvo ut paa Vambarholm[14], men daa dei leidde Tore upp, skjaga han paa føtane; daa sagde Vidkunn: «Meir til bakbord, Tore!» Sidan leidde dei Tore til galgen, og daa sagde han:

Fire me var i fylgje
fordom; ein heldt styre.

Og daa han gjekk til galgen, sagde han: «Vonde er vonde raadir.» Sidan vart han hengd, og daa galge-tree slo upp, var Tore so tung, at halsen rauk sund, og kroppen datt ned paa jordi. Tore var ein oversleg stor mann og baade høg og diger. Dei tok Egil med og leidde til galgen, men daa trælane til kongen skulde hengja han, sagde Egil: «De tarv ikkje hengja meg for den saks skuld, at ikkje kvar av dykk fortente meir aa verta hengd enn eg.» Dette kvad dei og ei vise um. Kong Magnus sat attmed, daa dei vart hengde, og var so vond, at ingin av mennane hans var so djerv at han torde beda um fred for deim. Men daa Egil spann i galgen, sagde kongen: «Ille kjem gode frendar deg til hjelp.» Av dette kunde dei sjaa at kongen vilde at dei skulde hava bedi han um Egil maatte liva. Bjørn Krepphendt fortél um desse hendingane i ei vise.


Wilhelm Wetlesen: Egil vert hengd.


7. Kong Magnus siglde sidan sør til Trondheim, og refste strengt dei mennane som de kom upp hadde vori kongssvikarar mot han; han drap sume og brende for sume. Dette fortél Bjørn Krepphendt.

Svein, son hans Harald Flette, flydde fyrst ut til havs, og so til Danmark, og var der so lengi til han fekk gjort forlik med kong Øystein Magnusson. Øystein gjekk inn paa forlik med Svein og gjorde han til skutilsveinen sin og elska og æra han. No hadde kong Magnus rike aaleine og freda godt for lande sitt og øydelagde alle vikingar og røvarar. Han var ein rask mann og glad i herferd og mangfreistin og i alle maatar likare kong Harald, farfar sin, i huglynde, enn far sin.


8. Kong Magnus gav seg paa vegen ut or lande og hadde [1098] med seg ein stor og vakker her og gode skip, og med denne heren siglde han vest yvi have, og fyrst til Orknøyane. Der fanga han jarlane Paal og Erlend og sende baae tvo aust til Norig, men sette Sigurd, son sin, etter til hovding yvi øyane og gav han raadgjevarar. Derfraa siglde kong Magnus med heren sin til Sudrøyane, og daa han kom der, tok han strakst til aa herja og brenna bygdi og drap folke og røva, kor han kom, men landsfolke flydde undan til alle kantar, sume inn i Skotlands-fjordane og sume sør til Saltire[15] eller ut til Irland, og sume fekk liv og fred og gjekk i tenesta hans. Bjørn Krepphendt nemner i eit kvæde at Magnus herja mange av øyane.


Kong Magnus herferd i vest
9. Kong Magnus kom med heren sin til Helgeøyi[16] og gav alt folke og all eigedom der grid og trygd. Dei fortél at kongen vilde læsa upp den litle Kolumkille-kyrkja[17], men at han ikkje gjekk inn, og læste att døri strakst og sagde at ingin sidan skulde vera so djerv aa ganga inn i denne kyrkja, og soleis hev de vori sidan. Etter dette siglde kong Magnus med heren sør til Il[18] og herja og brende, og daa han hadde teki dette lande, tok han til aa sigla sør um Saltire og herja paa baae sidur, baade i Irland og Skotland, og fór soleis med herskjold heile vegen sør til Man og herja der som andre stadir. Dette fortél Bjørn Krepphendt. Kong Gudrød paa Sudrøyane hadde ein son, som heitte Logmann, som var sett til aa verja lande paa Nordøyane[19]. Men daa kong Magnus kom med heren sin til Sudrøyane, flydde Logmann undan hit og dit paa øyane, men sistpaa tok mennane ti! kong Magnus honom og skipsmannskape hans, daa han vilde fly til Irland. Kongen lét setja han i jarn og passa paa han. Dette fortél Bjørn Krepphendt.


10. Sidan styrde kong Magnus med heren til Bretland. Men daa han kom til Ongulsøy-sunde[20], kom de imot han ein her fraa Bretland, og tvo jarlar var førarar for den, Huge Prude[21] og Huge Digre[22]. Dei lagde strakst til slag, og de vart ein hard strid. Kong Magnus skaut med boge, men Huge Prude var brynju-klædd alle stadir, so de var ikkje anna bert paa han enn augo. Kong Magnus og ein haaløygsk mann, som stod attmed kongen, skaut kvar si pil etter han, og skaut paa ein gong. Den eine pili kom i naseskjermen paa hjelmen, so han lagde seg til den eine sida, men de andre skote kom i auga paa jarlen og flaug tvert igjenom hovude, og de skote trudde dei var kongens. Der fall Huge jarl, og sidan flydde bretane og hadde mist mykje folk. Dette fortél Bjørn Krepphendt. Kong Magnus vann i dette slage, og daa lagde han under seg Ongulsøy, og so langt mot sør hadde dei fyrre kongane, som hadde vori i Norig, og lagt lande under seg. Ongulsøy er tridjeparten av Bretland. Etter dette slage snudde kong Magnus med heren sin og siglde fyrst til Skotland. Daa fór de menn millom Magnus og skotekongen Melkolm[23], og dei gjorde forlik. Kong Magnus skulde hava herredøme yvi alle dei øyane paa vestsida av Skotland, som laag soleis at ein kunde fara millom deim og lande paa eit skip som hadde fast styre[24]. Men daa kong Magnus kom nord til Saltire, lét han draga ei skute yvi Saltires-eide[25], og lagde styre i lag. Kongen sjølv sette seg i lyltirgi og heldt paa styrevolen[26] og eigna soleis til seg de lande som laag paa bakbord-sida. Saltire er eit stort land og betre enn den beste øyi av Sudrøyane, so nær som Man. Der er eit smalt eid millom Saltire og sjølve Skotland, og der dreg dei tidt langskip yvi.


11. Kong Magnus var um vetteren paa Sudrøyane, og daa fór mennane hans umkring i alle Skotlandsfjordane og rodde innanfor alle baade bygde og ubygde øyar og lagde alle øylandi under den norske kongen. Kong Magnus gifte [1099] son sin, Sigurd, med Bjadmynja, dotter til kong Myriartak[27] Tjaalveson, irekongen, som raadde for Kunnaktir[28]. Sumaren etter fór kong Magnus med heren sin aust til Norig. Erlend jarl døydde straa-daude i Nidaros og er gravsett der, og Paal jarl i Bjørgvin. Skofte, son hans Ogmund Torbergsson, var ein gjæv lendmann og budde paa Giske paa Sunnmøre; han var gift med Gudrun, dotter hans Tord Foleson. Borni deira var Ogmund, Finn, Tord og Tora, som var gift med Aasolv Skuleson. Sønine hans Skofte var emnelege og vensæle gutar i uppvokstren.


12. Sviakongen Steinkjel døydde ved de leite daa dei tvo Haraldane fall, og den kongen som kom etter kong Steinkjel Svitjod heitte Haakon. Sidan var Inge, son til kong Steinkjel, konge, og han var ein god og megtug konge, større og sterkare enn andre folk, og han var konge i Svitjod medan kong Magnus var konge i Norig. Kong Magnus stod paa at landskile fraa gomol tid hadde vori soleis, at Gautelvi hadde skilt millom rike til sviakongen og Norigs konge, og sidan Venern til Vermeland. Kong Magnus stod difor paa at han aatte heile den bygdi som var vestanfor Venern, Sunndal og Norddal[29], Vear[30] og Vardynjar[31], og alle dei markine[32] som høyrer til deim. Men daa hadde dette lengi legi under rike til sviakongen, og vart rekna til Vestergautland i skattevegen, og markemennane vilde vera under sviakongens herredøme liksom fyrr. Kong Magnus reid fraa Viki upp i Gautland med ein stor og vakker her, og daa han kom til skogbygdine, herja han og brende, og soleis fór han umkring i alle bygdine, og folke gjekk under han og svor dei skulde lystra. Daa han kom upp til vatne Venern, og de leid ut paa hausten, fór dei ut til Kvaldinsøy[33] og gjorde ei borg av torv og timber og grov eit dike umkring. Daa festningi var ferdig, førde dei kost og andre ting som trengdest inn i ho. Kongen sette 300 mann der, og Finn Skofteson og Sigurd Ullstreng var hovdingar for deim, og de var eit vakkert mannskap; men kongen snudde og fór ut til Viki.


13. Men daa sviakongen spurde dette, samla han folk, og orde gjekk, at han vilde rida ned mot nordmennane, men de drygde med de ei stund; daa kvad nordmennane dette:

Hofte-breid Inge hefter
heime og lengi veimar[34].

Men daa isen lagde seg paa Venern, reid kong Inge ned og hadde innpaa 3000 mann. Han sende bod til nordmennane som sat i borgi, og bad deim fara burt med de herfange som dei hadde, og attende til Norig. Men daa sendemennane sagde kongens ord til deim, svara Sigurd Ullstreng at kong Inge skulde læra noko anna enn aa visa deim burt som ein bøling i fehagen, og sagde at han fekk koma næmare fyrst. Sendemennane sagde desse ordi til kongen att. Sidan fór kong Inge ut paa øyi med heile heren, og daa sende han andre gongen bod til nordmennane og bad deim fara burt og taka med seg vaapni, klædi og hestane, men lata etter seg alt dé godse dei hadde røva; men dei sagde nei. Daa gjekk kongen paa, og dei skaut paa kvarandre. Kongen lét bera dit stein og timber og lét fylla dike. So lét han taka anker og binda fast til lange bjelkar og føra upp paa timberveggen, og mange menn tok tak og drog sund veggen. Etterpaa gjorde dei store baal og skaut med logande brandar paa deim. Daa bad nordmennane um liv og fred, men kongen bad deim ganga ut vaapnlause og kappelause, og daa dei gjekk ut, fekk kvar av deim eit slag med ein lime. Dermed fór dei stad og heimatt til Norig, men alle markemennane gav seg under kong Inge att. Sigurd og fylgjesveinane hans fór til kong Magnus og fortalde honom um uferdi si.


14. Strakst um vaaren, daa isen løyste, fór kong [1100] Magnus med ein stor her aust til Elvi og heldt upp etter den øystre elve-kvisli og herja heile vegen i sviakongens rike. Daa han kom upp til Fokserne[35], gjekk dei upp paa land fraa skipi; men daa dei kom yvi ei aa som er der, kom de imot deim ein her av gautar, og de vart eit slag, og nordmennane vart yvistigne og kom paa flugt, og mange av deim vart drepne ved ein foss[36]. Kong Magnus flydde, men gautane fylgde etter deim og drap alle deim som dei kunde. Kong Magnus var lett aa kjenna; han var ein stor mann og hadde ei raud trøye yvi brynjo og silkegult haar, som fall ned yvi herdane hans, Ogmund Skofteson reid paa den eine sida av kongen; han var og ein stor og vakker mann. Ogmund sagde: «Gjev meg trøya, konge.» «Kva skal du med trøya?» svara kongen. «Eg vil hava ho,» sagde han; «du hev gjevi meg de som meir var,» De var so laga der, at der var store slette vollar, so gautar og nordmenn alltid saag kvarandre, men so kom de kleivar og kjørr imillom, so dei kom burt for kvarandre, og daa gav kongen trøya til Ogmund, og han tok ho paa. Sidan reid dei fram paa vollane, og daa tok Ogmund og mennane hans tvert av fraa vegen. Men daa gautane saag de, trudde dei at de var kongen, og alle reid dit etter deim, men kongen reid sin veg ned til skipi. Ogmund kom so vidt undan, men han kom daa beinheil til skipi. Sidan heldt kong Magnus ned etter aai og derfraa nord til Viki.


15. Sumaren etter vart de avtala konge-stemne ved [1101] Konghelle i Elvi, og der kom den norske kongen Magnus og sviakongen Inge og danakongen Eirik Sveinsson, og dei lova kvarandre trygd til møte. Daa tinge var sett, gjekk kongane fram paa vollen fraa dei andre og talast ved ei liti stund, og so gjekk dei attende til mennane sine, og daa vart de gjort forlik soleis, at kvar av deim skulde hava de rike som forfedrane deira hadde havt fyrr, og kvar av kongane skulde gjeva mennane sine bot for den røvingi og mann-skaden dei hadde vori ute for, og sidan skulde kongane jamna dette imillom seg. Kong Magnus skulde faa Margret, dotter til kong Inge; henne kalla dei sidan for Fred-kolla[37]. De var eit aalment ord, at ingin hadde set drustelegare hovdingar enn desse var. Kong Inge var den største og trekaste og saag mest hovding-lik ut. Men kong Magnus totte dei var den modigaste og raskaste, og kong Eirik den vænaste; men alle var dei vakre menn og store og gjæve og ordhitne. Og med dette skildest dei.


16. Kong Magnus fekk Margret, dotter til kong Inge, til dronning, og dei sende ho austantil Svitjod til Norig med eit gildt fylgje. Nokre born er nemnde, som kong Magnus hadde fyrr. Han hadde ein son som heitte Øystein og hadde ei mor av laag ætt; den andre heitte Sigurd og var eit aar yngre, og mor hans heitte Tora. Den tridje heitte Olav og var mykje yngre. Mor hans var Sigrid, dotter hans Sakse paa Vik[38], ein gjæv mann i Trondheim; ho var frilla til kongen. Folk segjer, at daa kong Magnus kom fraa vesterviking, hadde han mykje dei same modane paa klæde-bunaden som var brukelege i vesterlandi, og sameleis mange av mennane hans. Dei gjekk med berre leggir paa gata, og hadde stutte kjolar og kappur, og difor kalla dei han Magnus Berrføtt eller Berrbein. Sume kalla han Magnus den høge, og andre Styrjaldar-Magnus[39]. Han var høgre enn alle andre. Dei hadde sett eit merke paa høgdi hans i Mariakyrkja i Nidaros, som kong Harald hadde bygt. Der hadde dei hoggi tri krossar i steinveggen attmed nordre døri; den eine var høgdi hans Harald, og den andre høgdi hans Olav Kyrre, og den tridje høgdi hans Magnus, og merke var sett der som dei hadde lettast for aa kyssa. Krossen hans Harald var øvst, men krossen hans Magnus laagast, og merke hans Olav var midt imillom.


17. Skofte Ogmundsson vart uforlikt med kong Magnus; dei trætta um arven etter ein mann som var avlidin, og Skofte vilde ikkje ut med han, men kongen var so traa til aa krevja han at de var reint spelegt. Dei hadde mange møte i denne saki, og Skofte raadde til at han og sønine hans aldri skulde vera i kongens vald paa ein gong, og sagde at de var de tryggaste. Daa Skofte var hjaa kongen, lagde han ut for han um at de var nær skyldskap millom honom og kongen, og at Skofte allstødt hadde vori gode venir med kongen, og at de aldri hadde vori noko skjepl med venskapen deira; han sagde de, at folk kunde skyna at han hadde so mykje vit, at han ikkje vilde trætta med kongen um denne saki, um han hadde urett; «men i de stykke slegtar eg paa forfedrane mine,» sagde han, «at eg stend paa retten min mot kvar mann, og at eg ikkje gjer skilnad paa folk.» Kongen var den same, og han vart ikkje mjukare i hugen ved desse ord. Dermed fór Skofte heim.


18. Sidan fór Finn Skofteson til kongen og tala ved han og bad kongen um at han skulde lata deim faa rett og skjel i denne saki; men kongen svara sint og stutt. Daa sagde Finn: «Eg venta anna av Dykk, konge, enn at De vilde negta meg lov og rett, den gongen eg sette meg fyri paa Kvaldinsøy, og de var faa andre av venine Dykkar som vilde; dei sagde, som sant var, at dei som der sat var selde og dømde til dauden, um ikkje kong Inge hadde vori meir raust imot oss enn du var umtenkt, og endaa vil vel mange synast at me kom ifraa de med vanære, og de kunde vel vori takk verdt, veit eg.» Kongen vart ikkje umhuga ved desse ordi, og Finn fór heim.


19. Daa fór Ogmund Skofteson til kongen, og daa han kom for kongen, sagde han ærendi si og bad kongen gjera deim rett og skjel. Kongen sagde at de var han som hadde rett, og at dei var hoste djerve. Daa sagde Ogmund: «Du kan nok setja dette i verk, konge, aa gjera oss urett, daa du er den megtugaste; og her sannar me ordtøke, at dei fleste løner ille, eller slett ikkje, at ein bergar live deira; og eg skal segja deg de og, at eg aldri meir skal koma i di teneste, og ikkje far min eller nokon av brørane mine heller, um eg maa raada.» Sidan fór Ogmund heim, og han og kong Magnus saag ikkje kvarandre meir.


20. Skofte Ogmundsson laga seg til aa fara ut or lande [1102] vaaren etter. Han hadde 5 langskip, og alle var dei godt budde. Sønine hans, Ogmund og Finn og Tord, vart med han paa ferdi. De drygde, fyrr dei vart reiduge, og um hausten siglde dei til Flæmingjaland[40] og var der um vetteren. Tidleg [1103] um vaaren siglde dei vest til Valland[41], og um sumaren [1102] siglde dei ut gjenom Norvasund[42] og kom um hausten til Romaborg, og der døydde Skofte. Alle, baade faren og sønine, døydde paa denne ferdi. Tord livde lengst av deim; han døydde paa Sikiløy[43]. De er ei segn, at Skofte er den fyrste nordmannen som siglde gjenom Norvasund, og denne ferdi vart ovende vidspurd.


21. De hende ein gong i kaupangen, der som kong Olav kviler, at de kom eld i eit hus i byen, og de fata mange stadir. Daa bar dei skrine til kong Olav ut or kyrkja og sette de imot elden. Daa kom de springande ein framfus og uvitug mann, og slo skrine og truga den heilage mannen, og sagde at alt kom til aa brenna upp, baade kyrkja og dei andre husi, naar han ikkje berga deim med bønine sine. No laga den allmegtuge Gud de so, at kyrkja ikkje brann, men han sende denne uvitingen augneverk strakst um natti etter, og han laag der alt til dess den heilage kong Olav bad den allmegtuge Gud um miskunn aat han, og han vart frisk att i den same kyrkja.


22. Ein gong hende de i kaupangen og, at dei førde ei kone dit som kong Olav kviler. Ho var so skrøpeleg, at ho var reint ihopkrokt, so baae føtane laag bøygde upp mot laari. Og daa ho heldt paa trutt og bad og kalla graatande paa han, so lækte han denne store vanhelsa, so føtane og leggine og hine lemine rette seg ut fraa krokjingi, og sidan kunde ho bruka kvar led og lem til de dei var skapte til. Fyrr kunde ho ikkje krjupa dit, men no gjekk ho heil og glad derfraa til heimen sin.


23. Kong Magnus drog ut or lande og hadde ein stor [1102] her; daa hadde han vori konge i Norig i 9 aar. Han siglde vest yvi have og hadde de beste mannskape som fanst i Norig. Alle stormennane som i lande var fylgde han, Sigurd Raneson, Vidkunn Jonsson, Dag Eilivsson, Serk fraa Sogn, Øyvind Olboge, stallaren til kongen, og Ulv Raneson, bror hans Sigurd Raneson, og mange andre stormenn. Kongen fór med heile denne heren vest til Orknøyane, og hadde med seg derfraa sønine hans Erlend jarl, Magnus og Erling. Derfraa siglde han til Sudrøyane, men daa han laag ved Skotland, sprang Magnus Erlendsson um natti yvi bord fraa kongsskipe og sumde til lands og lagde til skogs og kom til hirdi til skotekongen. Kong Magnus siglde med heren tii Irland og herja der. Daa kom kong Myriartak og hjelpte han, og dei tok mykje av lande, Dublin[44] og Dublin-skir[45]. Kong Magnus var um vetteren uppe i Kunnaktir[46] hjaa kong Myriartak, men sette menn til aa styra de lande som han hadde teki. Men daa vaaren kom, fór kongane [1103] med heren sin vest til Uladstir[47] og heldt mange slag der og tok lande[48] og hadde teki mesteparten av Uladstir; daa fór Myriartak heim til Kunnaktir.


24. Kong Magnus budde skipi sine og etla seg aust til Norig, og sette menn i Dublin til aa styra lande. Han laag ved Uladstir med heile heren, og dei var seglbudde. Dei syntest dei trengde slagte-fe, og kong Magnus sende bod til kong Myriartak og bad han senda slagte-fe, og sette ein dag daa de skulde koma, og de var dagen fyri Bartholomeus-messa[49], soframt sendemennane kom vel fram. Men eftan fyri messedagen var dei ikkje komne. Messedagen[50], daa soli rann, gjekk kong Magnus i land med mesteparten av mannskape sitt, og gjekk upp fraa skipi og vilde leita etter mennane sine og slagte-fee. De var vindstillt og solskin, og vegen laag yvi myrar og fen, og de laag kloppir yvi, og de var kjørr paa baae sidune. Daa dei kom lenger fram, kom dei upp paa eit høgt leite, og derfraa kunde dei sjaa langt. Daa saag dei ei stor gov-sky upp-i lande, og tala seg imillom, um dette kan-henda var ire-heren, men sume sagde at de visst var mennane deira med slagtefee. Dei stana, og Øyvind Olboge sagde: «Konge,» sagde han, «korleis hev du tenkt aa stella de med denne ferdi? Mennane dine tykkjer at du fer uvarleg, og du veit irane er sviksame; De lyt finna paa ei god raad for mannskape Dykkar.» Daa sagde kongen: «Lat oss fylkja mannskape vaart og vera reiduge, um dette er svik.» Dei fylkte, og kongen og Øyvind gjekk framfor fylkingi. Kong Magnus hadde hjelm paa hovude og raud skjold, og der var de innlagt ei løve med gull; han hadde eit sverd i belte, som heitte Leggbit, med hjalt av rossmaal-tonn,og handtake var linda med gulltraad, og de var eit framifraa vaapn. Han hadde eit spjot i handi og ei raud silketrøye yvi skjorta, og der var de sauma ut ei løve med gul silke baade framme og bak. Alle sagde at dei hadde ikkje set ein raskare eller karslegare mann. Øyvind hadde og ei raud silketrøye av same slage som kongen, og han med var ein stor og væn og karsleg mann.


Christian Krogh: Daa soli rann, gjekk Magnus og mennane hans i land.
25. Daa gov-skyi nærma seg, saag dei at de var mennane deira, og dei kom med mykje slagte-fe, som irekongen hadde sendt deim, og han heldt alt de som han hadde lova kong Magnus. Sidan snudde dei ned til skipi, og daa var de ved middags-bil. Men daa dei kom ut paa myrane, gjekk de seint yvi myrlende, og daa styrmde ire-heren fram fraa kvart skogsnar, og lagde strakst til aa slaast, men nordmennane fór spreidt, og de fall snart mange av deim. Daa sagde Øyvind: «Konge,» sagde han, «mannskape vaart er ille komi, lat oss no fort finna paa ei god raad.» Kongen sagde: «Lat blaasa alt mannskape til slag under merke, og de mannskape som er her skal stella seg i skjoldborg, og so skal me draga oss undan tilbake ut yvi myrane; sidan hev de ingi naud, naar me kjem paa slettelande.» Irane skaut djerveleg, men de fall tjukt av deim; men so fort de fall ein, kom de ein i staden. Daa kongen var komin til de nedste dike, var de fælt uføre der og berre faa stadir som dei kunde koma yvi, og der fall de mange nordmenn. Daa ropte kongen paa lendmannen Torgrim Skinnhuva fraa Upplandi, og bad han fara yvi dike med sitt folk; «me skal verja Dykk so lengi,» sagde han, «so De skal ikkje nauva noko. Sidan skal De fara ut paa den holmen som er der, og skjota paa deim, medan me gjeng yvi dike; for De er gode bogeskyttarar.» Men daa Torgrim og mennane hans kom yvi dike, kasta dei skjoldane bak paa ryggen og flaug ned til skipi. Men daa kongen saag dette, sagde han: «Umannsleg skilst du fraa kongen din; eg var uvitug, daa eg gjorde deg til lendmann og gjorde Sigurd Hund[51] fredlaus; han hadde aldri gjort slikt.» Kong Magnus fekk eit saar; de var ein som stakk eit spjot gjenom baae laari ovanfor kne-i. Han treiv skafte millom beini og braut de sund og sagde: «Soleis bryt me legg-sperrur, gutar; gakk dugeleg fram, eg nauvar inkje.» Kong Magnus fekk eit hogg i halsen av ei øks, og de vart banesaare hans. Daa flydde dei som etter var. Vidkunn son bar sverde Leggbit og merke til kongen ned til skipi. Han var den siste som flydde; den næstsiste var Sigurd Raneson, og den tridje Dag Eilivsson. Der fall med kong Magnus Øyvind Olboge, Ulv Raneson og mange andre stormenn; de fall mange av nordmennane, men mange fleire av irane. Dei nordmennane som kom undan fór strakst burt um hausten. Erling, son hans Erlend jarl, fall i Irland med kong Magnus. Daa de mannskape som hadde flytt fraa Irland kom til Orknøyane, og Sigurd spurde at kong Magnus, far hans, var fallin, gav han seg strakst paa vegen med deim, og dei fór um hausten aust til Norig.


26. Kong Magnus styrde Norig i 10 aar, og i hans tid var de god fred innanlands, men folk hadde mykje stræv og kostnad av leiding. Kong Magnus var ovende elska av mennane sine, men bøndane totte at han var hard. Dei fortél um eit ord-stev som han hadde, naar venine hans sagde at han tidt var uvyrdin naar han fór og herja utanlands: «Kongar skal ein hava til ære, og ikkje til eit langt liv.» Kong Magnus var ikkje langt fraa 30 aar daa han fall. Vidkunn drap den mannen i slage som var banemannen til kong Magnus; daa fyrst flydde han og hadde fengi tri saar, og difor lagde sønine til kong Magnus stor kjærleike til han.


Notar:

  1. Sjaa s. 268.
  2. D. e. den som Olav den heilage bygde ved Klemenskyrkja (sjaa s. 276 og korte s. 528).
  3. 2dre februar.
  4. No Høvringen, utanfor Ilsviki vest for Trondhjem.
  5. Steinberge ligg der vegen gjekk vestanfraa til Nidaros og enno gjeng.
  6. Viskedal ved Viskaai (sjaa korte s. 553).
  7. D. v. s. med knyttneve.
  8. No Folland, ein stor gard paa Averøvi i Kvernes herad, Nordmøre.
  9. Viggjarskalle, d. e. bonden paa Vigg, ved Orkedalsfjorden.
  10. Strandi ved Vagnvik, austlengst i Stadsbygdi, no i Strindi.
  11. No Jøssund sokn i Aafjord herad paa Fosni, den gong rekna til Nordmøre.
  12. No Velfjorden, innanfor halvøyi Brønøy sør paa Helgeland.
  13. No Hestun i Tjøtta herad paa Hamnøyi, nord for fjordgape til Velfjorden.
  14. No Vomba, utanfor Hamnøyi.
  15. Halvøyi Cantire lengst sudvest i Skotland.
  16. Eyin helga, no Jona eller Ikolmkill, Columbas heilage øy.
  17. No St. Orans kapell eller kyrkje; Kolumkille vil segja «Columbas celle», so de er nærast meint cella (eit siderom) attved kyrkja.
  18. No Isla.
  19. Dei nordste av Sudrøyane. Snorre visste ikkje at kong Gudrød var daain i 1095, og at Logmann var vortin hans ettermann og var konge yvi Sudrøyane og Man.
  20. Sjaa s. 606.
  21. Hugo av Montgomery, jarl av Shropshire.
  22. Hugo av Avranches, jarl av Chester.
  23. Kong Melcolm var daain 1093, men son hans, Eadgar, vart konge i 1098, og de hev vori han som gjorde fred med Magnus.
  24. D. v. s. store skip.
  25. Eide millom East Loch Tarbert og West Loch Tarbert (sjaa korte).
  26. Styrestongi, «rorpinden».
  27. Myriartak Tjaalveson er Muirkertach, son aat Tirdelvagh, son aat Brian († 1014, sjaa s. 346), konge i Munster 1086—1119 og ei tid yvikonge yvi Irland.
  28. Kunnaktir, Connaught, i vestre Irland, men Muirkertach hadde sitt kongssæte i Munster i søre Irland.
  29. Sjaa korte s. 30-7.
  30. No Vedbo herad.
  31. Vardbo, no Valbo herad.
  32. Nordmarka herad, no høyrande til Vermeland.
  33. No Kaallandsø paa sudsida aat Venern.
  34. Fara hit og dit, fara med tøv.
  35. No Fuxerna ved Lilla Edet i Flundre herad paa austsida av Gjøtaelvi (sjaa korte s. 307).
  36. Skulde vera ved Fors anneks-kyrkje, er de meint.
  37. Freds-kvende.
  38. No Saksvik paa Strindi, aust for Trondhjem.
  39. Av gmln. styrjöld, ufred.
  40. Flandern.
  41. Frankrike.
  42. Sunde ved Gibraltar.
  43. Sicilia.
  44. Dette kan ikkje vera rett, daa Muirkertach alt sidan 1094 styrde i Dublin; men de kan nok vera at Muirkertach hev loti gjeva fraa seg Dublin til Magnus.
  45. D. e. herade (eng. shire) umkring Dublin.
  46. Sjaa s. 657.
  47. Ulster, nordste landsluten i Irland.
  48. Kong Muirkertach gjorde um sumaren ei herferd til Ulster, men han tapte mot Ulster-kongen, og heren hans vart slegin (5te aug. 1103). Kong Magnus hev knapt vori med sjølv paa denne ferdi, men mennane hans var med.
  49. 23de august.
  50. 24de august.
  51. Sigurd Hund var ein eldre bror aat Vidkunn Jonsson paa Bjarkøy. JonsTilnamne «Hund» hadde han etter far aat morfar sin, Tore Hund (sjaa s. 546).