Soga um Magnussønine

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Magnus-sønine

[1103-1130]

1. Etter kong Magnus Berrføtt var fallin, tok sønine hans, Øystein og Sigurd og Olav, kongedøme i Norig; Øystein hadde nørdste luten av lande, og Sigurd synste luten. Kong Olav var daa 4 eller 5 vetrar, og dei tvo brørane styrde ihop den tridjeparten av lande som han aatte. Sigurd var 13 eller 14 vetrar daa han vart tekin til konge, og Øystein var eit aar eldre. Kong Sigurd lét dotter til irekongen vera etter i vesterlandi. Daa sønine til kong Magnus var tekne til kongar, kom dei mennane heim som hadde fari ut med Skofte Ogmundsson, nokre fraa Jorsalaheim, og nokre fraa Miklegard, og dei var no ovende vidgjetne og kunde fortelja mangt og mykje. Men av desse underlege ting, som dei fortalde, var de mange i Norig som vart lysta paa denne ferdi; de vart fortalt, at i Miklegard fekk dei nordmennane som vilde taka teneste i heren flust med pengar. Dei bad kongane at ein av deim, Øystein eller Sigurd, skulde vera med og føra de mannskape som laga seg heimantil. Kongane samtykte dette og gjorde alt i stand til ferdi paa sams kostnad. Mange stormenn, baade lendmenn og megtuge bøndar, vart med paa ferdi. Daa alt var ferdigt, vart de avsagt, at Sigurd skulde fara, men Øystein skulde styra lande for deim baae tvo.


2. Eit aar eller tvo etter kong Magnus Berrføtt var fallin, kom Haakon, son hans Paal jarl, vestantil Orknøyane. Kongane gav han jarledøme og styringi paa Orknøyane, liksom jarlane Paal, far hans, og Erlend, farbror hans, hadde havt fyri honom, og dermed fór Haakon jarl vest til Orknøyane att.


3. Fire aar etter kong Magnus var fallin[1], fór kong [1107] Sigurd med heren sin fraa Norig og hadde 60 skip. Dette fortél Torarin Stuttfeld. Kong Sigurd siglde um hausten til England; daa var Heinrek[2], son hans Vilhjalm Bastard, konge der. Kong Sigurd var der um vetteren. Dette fortèl Einar Skuleson.


4. Kong Sigurd fór vaaren etter med floten vest til [1108] Valland og kom um hausten ut til Galizeland[3], og var der den andre vetteren. Einar Skuleson fortèl at kongen var i Jakobsland um vetteren, og at jarlen der laut bøta for di han ikkje heldt ord. Dette bar soleis til, at jarlen, som raadde for lande der, gjorde forlik med kong Sigurd um at jarlen skulde lata Sigurd faa kaupa mat heile vetteren; men dette varde ikkje lenger enn til jol, og daa vart de vondt for mat, av di lande er skarpt og eit kleint matland. Daa fór kong Sigurd med mykje folk til eit kastell som jarlen aatte, og jarlen flydde undan, daa han hadde lite folk. Der tok kong Sigurd mange matvarur og mykje anna herfang, og førde de til skipi sine, og sidan laga han seg til aa fara derfraa og siglde vest langs Spania[4]. [1109] Daa kong Sigurd siglde langs Spania, hende de, at nokre vikingar, som fór umkring etter herfang, kom imot han med ein galei-flote, men kong Sigurd lagde seg i slag med deim; dette var de fyrste slage med heidningane, og han tok fraa deim 8 galeiar. Dette fortèl Halldor Skvaldre. Sidan styrde kong Sigurd til eit kastell som heiter Sintre[5] og ligg i Spania, og der heldt han de andre slage. Nokre heidningar heldt til der og herja paa dei kristne. Han tok kastelle og drap alle ihop, daa dei ikkje vilde lata seg kristna, og tok mykje herfang der. Halldor Skvaldre fortèl um dette og.


5. Etter dette siglde kong Sigurd med floten til Lizebon[6], som er ei stor borg i Spania og halv kristi og halv heidi. Der er skile millom de kristne Spania og de heidne Spania[7], og alle dei bygdine er heidne som ligg vestanfor. Der heldt kong Sigurd de tridje slage med heidningane og vann og fekk mykje herfang.[8] Dette fortèl Halldor Skvaldre. Dermed siglde kong Sigurd med floten vest langs med de heidne Spania og lagde aat ved ei borg som heiter Alkasse[9], og heldt der de fjorde slage med heidningane og tok borgi og drap mykje folk der, so han lagde borgi i øyde. Der fekk dei uhorvelegt med herfang. Dette fortèl Halldor Skvaldre.


6. Etter dette siglde kong Sigurd lenger og styrde til Norvasund; i sunde raaka han paa ein stor viking-flote, og kongen lagde til slag med deim og heldt der de femte slage og vann. Dette fortèl Halldor Skvaldre. Sidan siglde kong Sigurd med heren paa sør-sida[10] langs med Serkland, og kom til ei øy som er kalla Forminterra[11]. Der hadde de sett seg fast ein stor her av heidne blaamenn i ein heller, og dei hadde sett ein stor steinvegg for heller-døri. Dei herja vidt og breidt i lande og førde alt herfange til helleren. Kong Sigurd gjorde landgang paa øyi og gjekk til helleren; men den var i eit berg, og de var høgt aa ganga upp bakken som gjekk til steinveggen, og berge lutte fram yvi steinveggen. Heidningane varde steinveggen og ræddast ikkje vaapni til nordmennane, daa dei kunde senda stein og skot ned paa nordmennane under føtane sine. Nordmennane lagde ikkje til aa ganga upp heller paa denne maaten. Daa tok heidningane pell og andre eignalutir og bar ut paa veggen og veivde med deim for augo paa nordmennane, og ropte til deim og eggja deim og kalla deim for sælingar. Daa tenkte kong Sigurd paa raad. Han lét taka tvo skipbaatar, som dei kallar barkar, og draga upp paa berge yvi heller-døri, og batt deim med digre tog under alle rengane[12] og um stamnane, og de gjekk so mange mann um bord paa deim som fekk rom, og so fira dei baatane ned for helleren med reipi, og dei som var i baatane skaut og kasta stein, so heidningane hopa attende fraa steinveggen. Daa gjekk kong Sigurd upp under steinveggen paa berge med heren og braut sund veggen og kom soleis upp i helleren; men heidningane flydde inn um den andre steinveggen, som var sett tvert yvi helleren. Daa lét kongen bera inn store tre i helleren og gjera eit stort baal i heller-døri og kveikte eld paa. Men daa elden og røyken naadde heidningane, lét sume live, og sume flaug paa vaapni til nordmennane, og alle ihop vart anten drepne eller innebrende. Der fekk nordmennane de meste herfange som dei hadde teki paa denne ferdi. Dette fortèl baade Halldor Skvaldre og Torarin Stuttfeld.


7. Sidan fór kong Sigurd lenger fram og kom til ei øy som heiter Iviza, og heldt eit slag der og vann; dette var de sjaunde slage, og de nemner Halldor Skvaldre. Etter dette kom kong Sigurd til ei øy som heiter Manork[13], og der heldt han de aattande slage med heidningane og vann. Dette fortèl Halldor Skvaldre.


8. Kong Sigurd kom um vaaren til Sikiløy og tøvra lengi der. Daa var Rodgeir hertug der, og han tok godt imot kongen og baud han til gjestebods. Kong Sigurd kom dit med eit stort fylgje. De var reint ovfagning der, og kvar dag, so lengi gjestebode varde, stod hertug Rodgeir og gjorde teneste ved borde til kong Sigurd. Men den sjaunde gjestebods-dagen, daa gjestine hadde teki laug, tok kong Sigurd jarlen i handi og leidde han upp i høgsæte og gav han kongsnamn og rett til aa vera konge yvi Sikiløy-rike, i staden for at de fyrr hadde vori jarlar der yvi rike.


9. Rodgeir, kongen yvi Sikiløy, var ein overlag megtug konge. Han tok heile Apulia[14] og lagde og under seg mange store øyar i Grækarlands-have og vart kalla Rodgeir den megtuge. Son hans var Vilhjalm, konge paa Sikiløy, som lengi hadde stor ufred med keisaren i Miklegard.[15] Kong Vilhjalm hadde tri døtrar, men ingin son[16]. Han gifte den eine dotter si med keisar Heinrek[17], son til keisar Fridrek, og dei hadde ein son Fridrek, som no[18] var keisar i Rom. Den andre dotteri til kong Vilhjalm var gift med hertugen av Kipr[19], og den tridje var gift med flote-hovdingen Margrit, men keisar Heinrek drap deim baae tvo. Dotter hans Rodgeir, kongen paa Sikiløy, var gift med keisar Manule[20] i Miklegard, og son deira var keisar Kirjalaks[21].


10. Um sumaren siglde kong Sigurd yvi Grækarlands-have til Jorsalaland, og so fór han upp til Jorsala-borg og fann der jorsalakongen Baldvine. Kong Baldvine tok ovende godt mot kong Sigurd og reid med han ut til aai Jordan og attende til Jorsalaborg. Dette fortèl Einar Skuleson. Kong Sigurd tøvra lengi i Jorsalaland um hausten og fyrstningi av vetteren.


Gerhard Munthe: Kong Sigurd og kong Baldvine rid fraa Jorsalaborg til aai Jordan.


11. Kong Baldvine gjorde eit fagert gjestebod for kong Sigurd og mange av mennane hans. Daa gav kong Baldvine kong Sigurd mange heilagdomar, og kong Baldvine og patriarken baud at dei skulde taka ein spon av den heilage krossen, og baae tvo svor paa heilagdomar, at dette tree var av den heilage krossen, som Gud sjølv var pint paa. Sidan gav dei denne heilagdomen til kong Sigurd, paa de vilkaare, at han og 12 andre menn med honom svor at han skulde fremda kristindomen av all si magt og reisa ein erkebispe-stol i lande, um han kunde, og at krossen skulde vera der som den heilage kong Olav kvilde, og at han skulde innføra tiend, og leggja tiend sjølv og. Kong Sigurd fór sidan til skipi sine i Akersborg[22], og daa budde kong Baldvine og heren sin til aa fara til Syrland[23] mot ei heidi borg, som heiter Sætt[24]. Kong Sigurd fylgde med han paa denne ferdi. Kongane hadde ikkje seti lengi um borgi, fyrr heidningane gav seg, og kongane eigna til seg borgi,[25] men hermennane tok de andre herfange. Kong Sigurd gav kong Baldvine heile borgi. Dette fortèl Halldor Skvaldre og Einar Skuleson. Dermed fór kong Sigurd til skipi sine og laga seg til avferd fraa Jorsalaland. Dei siglde nord til ei øy som heiter Kipr, og der tøvra kong Sigurd ei stund; sidan fór han til Grækarland og lagde seg med heile floten ute ved Engelsnes[26] og laag der ein halv maanad, endaa de kvar dag var blaasande bør nordetter; men han vilde bida paa sidevind, so dei kunde snu segli endelangs etter skipe; for alle segli hans var prydde med pell baade paa den sida som snudde fram og den som snudde bak, daa korkje dei som var framme eller atter paa skipe vilde sjaa styggesida.


12. Daa kong Sigurd siglde inn til Miklegard, siglde han nær land, og der er de heilstrengt med borgir og kastell og landsbyar upp i lande heile vegen. Dei saag fraa land i bugtine paa alle segli, som fylgde tett paa kvarandre, so de saag ut som ein gard. Alle folk stod ute, so dei kunde sjaa kong Sigurd siglde. Keisar Kirjalaks[27] hadde spurt at kong Sigurd kom, og bad deim lata upp den borgporten i Miklegard som heiter Gullvarta[28], og den porten skal keisaren rida inn igjenom naar han hev vori lengi burte fraa Miklegard og havt sigeren med seg. Keisaren lét breida ut pell paa alle gatune i borgi fraa Gullvarta og til Laktjarnir[29], der som den gjævaste halli til keisaren er. Kong Sigurd sagde til mennane sine at dei skulde rida kaute inn i borgi og ikkje bry seg vidare um alt de nye dei saag, og dei so gjorde. Med slik stas reid Sigurd og alle mennane hans til Miklegard og til den gjævaste kongshalli, og der var alt gjort i stand aat deim. Kong Sigurd vart verande der ei stund. Daa sende kong Kirjalaks bod til han, um han vilde taka mot 6 skippund gull av keisaren, eller um han vilde at keisaren skulde stella til den leiken som han var vand til aa halda paa Padreimen[30]. Kong Sigurd valde leiken, men sendemennane sagde at leiken kosta ikkje keisaren mindre pengar enn dette gulle. Daa lét keisaren stella til leiken, og dei leika som skikk var, og den gongen gjekk alle leikane betre for kongen enn for dronningi. Dronningi eig halve leiken, og mennane deira kappast i alle leikane, og grækarane segjer, at naar kongen vinn fleire leikar paa Padreimen enn dronningi, so skal kongen vinna naar han fer i herferd.


13. Etter dette laga kong Sigurd seg til heimferd. Han gav keisaren alle skipi sine, og dei gullslegne hovudi, som var paa de skipe som kongen hadde styrt, sette dei upp paa Peterskyrkja[31], og der kan ein endaa sjaa deim. Keisar Kirjalaks gav kong Sigurd mange hestar og gav han vegvisarar gjenom heile rike sitt. Dermed fór kong Sigurd burt fraa Miklegard; men ein heil flokk nordmenn var att og tok teneste i heren. Kong Sigurd fór fyrst til Bulgaraland[32] og derfraa gjenom Ungararike[33] og Pannonia[34] og Svaava[35] og Bejaraland[36]. Der fann han Lozarius[37] keisar av Rom, som tok ovende godt imot han og gav han vegvisarar gjenom heile rike sitt og lét halda torg for deim, [1110][38] so dei kunde kaupa alt de dei turvte. Daa kong Sigurd kom til Slesvik i Danmark, gjorde Eiliv jarl eit drustelegt gjestebod aat han, og de var ved midsumars leite. I Heidaby[39] fann han danakongen Nikolas[40], som tok blidsleg imot han og fylgde han sjølv nord til Jylland og gav han eit skip med full reide, som han siglde til Norig med. No fór kong Sigurd heim til rike sitt og vart godt mot-tekin. De orde gjekk, at ingin hadde gjort større heiders-ferd fraa Norig enn denne var, og daa var han tjuge aar og hadde vori tri aar paa denne ferdi. Bror hans, kong Olav, var 12 vetrar gamal den gongen.


14. Kong Øystein hadde gjort mykje nyttugt i lande, medan kong Sigurd var paa ferdi. Han skipa eit munke-kloster paa Nordnes i Bjørgvin og lagde mykje gods til de. Han lét byggja Mikjaalskyrkja[41], som er ei drusteleg steinkyrkje. Han lét byggja Apostelkyrkja og, paa kongsgarden, ei tre-kyrkje, og der lét han byggja den store halli[42] og, som er de drustelegaste tre-huse som hev vori bygt i Norig. Han bygde ei kyrkje paa Agdenes og, og eit virke og hamn, og der var de fyrr hamnlaust. Han bygde Nikolaskyrkja[43] i Nidaros paa kongsgarden, og dette huse var mykje for-seg-gjort med krot og allslag arbeid. Han lét byggja ei kyrkje nord i Vaagar[44] paa Haalogaland og, og lagde inntektir til.


15. Kong Øystein sende bod til dei klokaste og megtugaste mennane i Jamteland og baud deim til seg og tok blidsleg imot deim alle, daa dei kom, og leidde deim ut med venegaavur og lokka deim soleis til venskap med seg. Daa mange no fekk vane paa aa koma til han og fekk gaavur av han, og han sende gaavur til nokre som ikkje kom, so gjorde han seg til vens med alle deim som raadde for lande. Sidan tala han for deim og sagde at jamtane hadde gjort ille, daa dei hadde snutt seg fraa dei norske kongane og ikkje lystra deim og ikkje lagde skatt. Fyrst tala han um at jamtane hadde gjengi under kong Haakon Adalsteinsfostre og sidan vori lengi under dei norske kongane; han lagde ut for deim, kor mange nyttuge ting dei kunde faa fraa Norig, og kor tungvint de var for deim aa søkja til sviakongen um de dei trengde. Han tala so mykje for jamtane, at dei baud seg til sjølve, at dei skulde ganga under kong Øystein, og sagde at de var gagnlegt og naudturvelegt for deim, og soleis gjorde dei samlag med kvarandre, so jamtane gav heile lande under kong Øystein. Fyrst tok stormennane der truskapseiden av heile folke paa denne saki, og sidan fór dei til kong Øystein og tilsvor han lande, og dette hev stadi ved lag heile tidi sidan. Kong Øystein vann Jamteland med klokskap og ikkje ved herferd som nokre av forfedrane hans.


16. Kong Øystein var den vakraste mannen ein kunde sjaa; han var blaaøygd og noko storøygd, og hadde ljost og krullut haar; han var medels stor og knapt de, men ein vis mann, og hadde kjennskap til alt, baade lovir og sogur og til folk og deira liv; han var raadug og klok i ordi og dugande og lettliva og umgjengeleg og godt lika og elska av heile aalmugen. Han var gift med Ingebjørg, dotter hans Gutorm Steigar-Toreson; dei hadde ei dotter, som heitte Maria, som sidan vart gift med Gudbrand Skavhoggsson.


17. Kong Sigurd var stor paa vokster og brun-hærd, karsleg, men ikkje vakker; han var velvaksin og rask, faamælt og for de meste ikkje blid av seg, men han var venegod og trufast, ikkje taledrjug, men sedug og stormannsleg i aatferd. Kong Sigurd var streng og hard til aa refsa og heldt godt lovi og var raust paa handi og megtug og namngjetin. Kong Olav var høg og smal og vakker, glad og umgjengeleg og vensæl. Daa desse brørane var kongar i Norig, tok dei av mange paalegg som danine hadde lagt paa folke, den tid daa Svein Alfivason raadde for lande, og difor vart dei storleg elska baade av aalmugen og stormennane.


18. Kong Olav fekk ein sjukdom, som vart dauden hans; han er jorda i Kristkyrkja i Nidaros, og de vart stor [1115] sorg etter han. Sidan raadde dei tvo kongane Øystein og Sigurd for lande. Daa hadde alle tri brørane vori kongar i 12 aar, 5 aar etter kong Sigurd kom heim til lande, og 7 aar fyri. Kong Olav var 17 vetrar gamal daa han døydde, og de var den 22de desember. Daa kong Øystein hadde vori eitt aar aust i lande, og kong Sigurd var nord i lande, sat kong Øystein lengi um vetteren i Sarpsborg.


19. De var ein megtug og rik bonde som heitte Olav i Dal[45], som budde i Aamord[46] paa Mikle-Dal og hadde 2 born, ein son, som heitte Haakon Fauk, og ei dotter, Borghild, som var ei væn møy og klok og godt lærd. Olav og borni hans var lengi um vetteren i Sarpsborg, og Borghild svalla stødt med kongen, og folk sagde ymist um venskapen deira. Sumaren etter fór kong Øystein nord i lande, men kong Sigurd aust, og vetteren etter var kong Sigurd aust i lande og sat lengi i Konghelle og hjelpte denne byen mykje upp, Han gjorde eit stort kastell der av torv og stein, og lét grava eit stort dike um de, og han lét husa upp i kastelle og byggja ei kyrkje der. Han lét den heilage krossen vera i Konghelle, og i de stykke heldt han ikkje eiden sin, som han svor i Jorsalaland, men han innførde tiend og gjorde de meste av de som han hadde svori. Han sette krossen aust ved landsenden, for di han tenkte at dette skulde vera til verju for heile lande; men dette var reint ei uraad aa setja denne heilagdomen soleis upp i hendane paa heidningane, som de synte seg sidan. Daa Borghild Olavsdotter høyrde um den kvitren, at folk tala vondt um henne og kong Øystein for svalle og venskapen deira, so fór ho til Sarpsborg og fasta der til jarn-burd og bar jarn for dette og synte at ho var reint uskuldig. Men daa kong Sigurd spurde dette, reid han so langt paa ein dag som elles var tvo store dagsleidir, og kom fram til Olav i Dal og var der um natti. Daa tok han Borghild til frille og hadde ho burt med seg. Dei fekk ein son, som heitte Magnus, som dei strakst sende nord til Haalogaland til fostring hjaa Vidkunn Jonsson paa Bjarkøy, og der vart han uppfødd. Magnus var ein utifraa vakker mann og vart tidleg stor og sterk.


20. Kong Sigurd vart gift med Malmfrid, dotter til kong Harald[47] Valdemarsson austantil Holmgard. Mor til kong Harald var dronning Gyda den gamle, dotter til den engelske kongen Harald Gudineson. Mor hennar Malmfrid var Kristin, dotter til sviakongen Inge Steinkjelsson. Malmfrid hadde ei syster, Ingebjørg, som var gift med Knut Laavard, son til danakongen Eirik den gode og soneson til Svein Ulvsson. Borni hans Knut og hennar Ingebjørg var Valdemar[48], som tok kongedøme i Danmark etter Svein Eiriksson, og Margret og Kristin og Katrin. Margret var gift med Stig Kvitaleder, og dei hadde ei dotter Kristin, som var gift med sviakongen Karl Sørkvesson[49]; son deira var kong Sørkve[50].


21. Kong Øystein og kong Sigurd var ein vetter baae tvo i gjestebod paa Upplandi og hadde kvar sin gard. Men daa de berre var eit lite stykke millom gardane som kongane skulde vera i gjestebod paa, raadde bøndane av, at baae tvo skulde vera ihop i gjestebodi, og kvar sin gong paa kvar gard; dei var fyrst baae tvo paa den garden som kong Øystein aatte. Men um kvelden, daa dei tok til aa drikka, var ikkje øle godt, og de var stillt i lage. Daa sagde kong Øystein: «De er so stillt i lage; de plar heller vera so i drikkelag, at folk held seg lystuge; lat oss finna paa nokor moro, so kan de endaa verta gaman i lage. Bror Sigurd! Alle folk vil visst tykkja de rimelegast, at me finn paa noko morosamt aa tala um.» Kong Sigurd svara heller stutt: «Du kan vera so pratsam som du vil, men lat meg faa lov til aa tegja for deg.» Daa sagde kong Øystein: «De hev tidt vori skikk i drikkelag, at ein tek ein annan mann og liknar ihop med seg, og so vil eg me skal gjera her.» Daa tagde kong Sigurd. «Eg ser,» sagde kong Øystein, «at de er eg som lyt taka paa med denne moroi; eg vil taka deg, bror, og likna ihop med meg; eg nemner fyrst de, at me baae tvo hev likt namn og lik eigedom, og eg gjer ingin skilnad paa ætti vaar eller uppfostringi.» Daa svara kong Sigurd: «Minnest du ikkje de, at eg lagde deg paa ryggen, naar eg vilde, endaa du var eit aar eldre.» Daa sagde kong Øystein: «Eg minnest likso godt at du kunde ikkje med dei leikane som de skulde mjukleike til.» Daa sagde kong Sigurd: «Minnest du korleis de gjekk naar me skulde symja, at eg kunde dukka deg under, naar eg vilde.» Kong Øystein sagde: «Eg sumde ikkje mindre langt enn du og var ikkje laakare til aa symja under vatne enn du. Eg kunde renna paa is-leggir[51] og, so eg ingin kjende som kunde kappast med meg i de, men de kunde ikkje du betre enn eit naut.» Kong Sigurd sagde: «Eg tykkjer de er ei nyttugare itrott, som høver betre ein hovding, aa skjota godt med boge, og eg tenkjer at du kunde ikkje spenna bogen min, um du so bruka foten.» Kong Øystein svara: «Eg er ikkje so bogesterk som du, men de skil mindre paa kven som skyt beinast av oss, og eg kan standa mykje betre paa ski enn du, og de heldt dei og for ei god itrott fyrr.» Kong Sigurd sagde: «Eg tykkjer at de samer mykje betre ein hovding, at han, som skal vera yvimann yvi andre, er stor i flokken, og sterk og meir vaapnfør enn andre, og at han er lett aa sjaa og kjenna, naar de er mykje folk samla.» Kong Øystein sagde: «De er ein likso stor ting aa vera ein væn mann, og han er og lett aa kjenna i flokken, og de tykkjer eg og samer ein hovding; for den beste bunaden høver aat vænleiken. Eg kjenner betre til lovine og enn du, og naar me skal tala, er eg mykje meir lettmælt.» Kong Sigurd sagde: «De kan vera at du hev lært fleire lovkrokar enn eg; for eg hev havt anna aa gjera; og ingin negtar at du er radmælt, men mange segjer de, at du ikkje er alt so ordfast, og at de er lite sæt paa kva du lovar, og at du stødt talar deim etter munnen som er hjaa deg, og de er ikkje kongelegt.» Kong Øystein sagde: «Dette kjem seg av di, at naar folk kjem med sakine sine til meg, so tenkjer eg fyrst og fremst paa aa avgjera kvar manns sak so som han helst vil; men so kjem tidt hin, som hev sak med han, og daa vert de tidt lirka og lempa, so baae tvo kan verta nøgde. De hender tidt og, at eg lovar de som dei bed meg um, daa eg gjerne vil at alle skal ganga glade fraa meg. De var minst fyri aa gjera som du, aa lova alle vondt, og eg høyrer ikkje nokon klagar paa at du ikkje held de du lovar.» Kong Sigurd sagde: «De hev vori eit aalment ord, at den ferdi som eg gjorde ut or lande høvde ikkje so ille for ein hovding, men du sat heime medan, som dotter til far din.» Kong Øystein svara: «Der tok du paa svullen; eg hadde ikkje teki paa med denne samtala, naar eg ikkje hadde kunna svara paa dette. Eg tykkjer heller de var eg som gjorde deg heiman som syster mi, fyrr du kunde verta reidug til ferdi.» Kong Sigurd sagde: «Du hev vel høyrt at eg heldt mange slag i Serkland, som du vel hev høyrt gjeti, og at eg vann i deim alle og fekk mangeslag eignalutir, slike som aldri fyrr er komne hit til lands; der vyrde dei meg mest, som eg raaka dei gjævaste mennane, men eg tenkjer at du er ein heimføding endaa.» Kong Øystein sagde: «Eg hev høyrt de, at du heldt nokre slag utanlands, men de var nyttugare for lande, de som eg gjorde medan. Eg bygde fem nye kyrkjur, og eg gjorde ei hamn ved Agdenes, der som de fyrr var hamnlaust, og som kvar mann lyt fara, som fer nord eller sør langs lande. Eg gjorde stopulen i Sinholmssunde[52] og, og halli i Bjørgvin, medan du hogg sund blaamenn for djevelen i Serkland, og de tenkjer eg var til lite gagn for rike vaart.» Kong Sigurd sagde: «Paa denne ferdi fór eg alt ut til Jordan og sumde yvi aai; men ut paa elvebakken er de noko kjørr, og der i kjørri knytte eg ein knut, og sagde daa at du skulde løysa han, bror, eller so finna deg i de vilkaar eg sette deg, um du ikkje kunde løysa han.» Daa sagde kong Øystein: «Eg vil ikkje løysa den knuten som du knytte aat meg, men eg kunde hava knytt ein slik knut aat deg som du skulde havt mykje verre for aa løysa, daa du siglde einskips inn i floten min, daa du kom til lande.» Etter dette tagna dei, og baae tvo var harme. De hende fleire ting millom brørane, so ein kunde merka at kvar av deim drog seg sjølv og si sak fram, og den eine vilde vera større enn den andre; men freden heldt seg likevel millom deim, so lengi dei livde.


Gerhard Munthe:«Der i kjorri knytte eg ein knut.»


22. Kong Sigurd var i eit gjestebod paa Upplandi, og dei hadde stelt til bad aat han. Men daa kongen var i bade, og dei hadde tjelda yvi badkjere, so totte han de rann ein fisk i kjere utmed han, og daa kom de yvi han slik fæl laatt, at han var reint fraa seg sjølv, og dette kom tidt paa han sidan. Ragnhild, dotter til kong Magnus Berrføtt, gifte brørane hennar med Harald Kjesja, son til danakongen Eirik den gode, og sønine deira var Magnus, Olav, Knut og Harald.


23. Kong Øystein lét gjera eit stort skip i Nidaros, som paa storleiken og skapnaden var bygt sameleis som Ormen lange hadde vori, som kong Olav Trygveson hadde lati gjera; de var drakehovud framme og, og atter var de ein bøyg, og baae tvo var gullprydde. Skipe var høgborda, men stamnane syntest noko mindre enn dei skulde. Der i Nidaros lét han byggja naust og, som var so store at de var reint ei bisn aa sjaa, og av de beste byggjefange og grepaleg godt timbra. Daa kong Øystein ein gong var i gjestebod paa Stim[53] paa Hustadir, vart han braasjuk og døydde. Han andast av [1123] den 29de august, og dei førde like hans nord til kaupangen, og der er han jorda i Kristkyrkja, og de er eit aalment ord, at yvi ingin manns lik hev so mange menn stadi sorgfulle som yvi like til kong Øystein, sidan kong Magnus, son til kong Olav den heilage, døydde. Øystein var konge i Norig i 20 aar; etter hans avferd var Sigurd aaleine konge i Norig, so lengi han livde.


24. Danakongen Nikolas, son hans Svein Ulvsson, fekk sidan Margret, dotter hans Inge, som fyrr hadde vori gift med kong Magnus Berrføtt, og son hennar med Nikolas heitte Magnus Sterke. Kong Nikolas sende bod til kong Sigurd Jorsalafar og bad han gjeva seg hjelp og stydning av rike sitt, so mykje han kunde, og fara med Nikolas aust langs med Sviavelde til Smaaland og kristna folk der, av di dei som budde der heldt ikkje kristindomen, endaa nokre hadde lati seg døypa. Paa den tid var mange folk heidningar mange stadir i Sviavelde, og mange var laake kristne; for de var nokre av kongane daa som kasta kristindomen og heldt paa med blotingi, som Blotsvein gjorde, og seinare Eirik den aarsæle. Kong Sigurd lova denne ferdi, og kongane sette stemnelag i Øresund. Sidan baud kong Sigurd ut full leiding fraa heile Norig, baade mannskap og skip, og daa denne heren kom ihop, hadde han vel 300 skip. Kong Nikolas kom lengi fyrr til stemna og bida lengi der, men daa murra danine ille og sagde at nordmennane vilde nok ikkje koma. So løyste leidingsheren seg upp, og kongen fór burt og heile heren med. Sidan kom kong Sigurd der og var misnøgd, men han siglde likevel aust til Svimrar-os[54] og heldt husting der, og der tala kong Sigurd um at kong Nikolas ikkje var ordhaldin, og nordmennane vart samstelte um at dei skulde gjera noko herverk i lande hans for dette. Dermed herja dei eit torp som heiter Tumatorp[55], som ligg eit lite stykke fraa Lund, og sidan siglde dei aust til ein kaupstad som heiter Kalmarnir og herja der, og likeins i Smaaland, og paalagde smaalendingane aa gjeva 1500 naut til upphelde for heren, og dei tok ved kristindomen. Daa vende kong Sigurd att med heren, og kom heim til rike sitt med mange store eignalutir og herfang, som han hadde teki paa denne ferdi, og denne leidingen vart kalla Kalmarna-leidingen. Dette var sumaren fyri de store myrkre[56]. Dette var den einaste leidingen som kong Sigurd rodde medan han var konge.


25. Kong Sigurd var ein gong i gjestebod paa ein av gardane sine. Um morgonen, daa han var klædd, var han faamælt og sturin, og venine hans var rædde at styrløysa skulde vera komi yvi han att. Men aarmannen var ein klok og djerv mann, og gav seg i snakk med kongen og spurde um han hadde høyrt tidend um noko som var so vigtugt at de tok gleda fraa han, eller um han ikkje var nøgd med gjestebode, eller um de var noko anna som folk kunde raada bot paa. Kong Sigurd sagde at inginting av de som han rødde um var skuld i dette; «men grunnen er,» sagde han, «at eg hugsar paa ein draum eg hadde i natt.» «Herre,» sagde aarmannen, «tru de var ein god draum; me vilde gjerne høyra han.» Daa sagde kongen: «Eg totte at eg var ute her paa Jaren, og saag ut yvi sjøen, og der saag eg noko stort svart som kom farande, og daa de kom næmare, syntest de meg, at de var liksom eit stort tre, og greinine stod upp, men røtane gjekk ned i sjøen. Men daa tree kom til land, gjekk de sund og dreiv burt og spreiddest vidt umkring lande, baade umkring fastlande og ut-øyar og skjer og strendar; og daa hadde eg eit syn, so eg tottest sjaa yvi heile Norig langs med sjøen, og eg saag at i kvar vik hadde de drivi inn stykke av dette tree, og dei fleste var smaa, men nokre var større.» Daa svara aarmannen: «De er rimelegast med denne draumen, at De sjølv kan tyda han best, og me vilde gjerne høyra korleis De tyder han.» Daa sagde kongen: «De synest meg rimelegast, at de varslar at de vil koma ein mann til dette lande, og han vil slaa seg ned her, og avkjøme hans vil spreida seg vidt um i dette lande, men de vil vera stor skilmun paa storleiken av etterkomarane hans.»


Gerhard Munthe: Harald Gille gjeng yvi gloande jarn.
26. Hallkjel Huk, son hans Joan Smørbalte, som var lendmann paa Møre[57], fór vest yvi have alt til Sudrøyane; der kom de ein mann til han utantil Irland, som heitte Gillekrist[58] og sagde at han var son til kong Magnus Berrføtt; mor hans fylgde med han og sagde at han hadde eit anna namn og, Harald. Hallkjel tok imot desse tvo og hadde deim med seg til Norig og fór strakst til kong Sigurd med Harald og mor hans. Dei sagde ærendi si til kongen. Kong Sigurd rødde um denne saki for hovdingane, og sagde at kvar skulde segja si meining, men alle bad han raada sjølv for dette. Daa lét kong Sigurd kalla Harald for seg, og sagde at han vilde ikkje negta Harald aa prova fars-ætti si med skirsl, soframt han vilde lata de vera ei fast avtale, at um han so fekk prova at fars-ætti hans var den han sagde, skulde Harald ikkje krevja kongedøme, so lengi kong Sigurd eller kongssonen Magnus livde, og dette avtala dei og gjorde eid paa. Kong Sigurd sagde at Harald skulde traa gloande jarn, til aa prova fars-ætti si, men denne skirsli totte dei var for hard, daa han skulde fremja skirsli til aa prova fars-ætti si og ikkje til aa faa kongedøme, daa han hadde fraasvori seg de; men Harald samtykte dette. Han fasta til jarnburden, og dette er den største skirsli som hev gjengi fyri seg i Norig; for dei lagde ned 9 gloande plogjarn, og Harald gjekk yvi deim med berre føtar, og tvo bispar leidde han. Tri dagar etter prøvde dei skirsli, og daa var føtane hans ubrende. Etter dette tok kong Sigurd godt imot frendskapen med Harald, men Magnus, son hans, lagde stort hat til han, og mange hovdingar heldt med han. Kong Sigurd leit so paa at han var elska av heile landsfolke, at han bad um de, at alle skulde sverja paa at Magnus, son til kong Sigurd, skulde vera konge etter han, og denne eiden fekk han av heile landsfolke.


27. Harald Gille var ein høg og grannvaksin mann, med lang hals og noko lang i andlite, svartøygd og myrkhærd, rask og spræk; han bar for de meste irsk klædebunad og hadde stutte og lette klæde. De norske maale fall tungt for han, og han trivla mykje etter ordi, og mange gjorde mykje narr av dette. Harald sat ein gong i drykkjelag og svalla med ein mann og fortalde han um ymist vestantil Irland, og daa fortalde han de og, at de var menn i Irland som var so snarføtte at ingin hest tok deim paa sprange. Kongssonen Magnus høyrde dette og sagde: «No lyg han att, som han plar.» Harald svara: «De er sant,» sagde han, «at de finst menn i Irland som ingin hest i Norig kan springa framum.» Dei rødde ei stund um dette, og var drukne baae tvo. Daa sagde Magnus: «Her skal du vedda med meg og vaaga hovude ditt, um du ikkje spring so fort som eg rid paa hesten min, og eg vaagar gullringen min imot.» Harald svara: «Eg segjer ikkje de, at eg spring so fort, men eg skal finna slike menn i Irland, som kan springa so fort, og de skal eg vedda um.» Kongssonen Magnus svara: «Eg vil ikkje fara til Irland; her skal me vedda, og ikkje der.» Daa gjekk Harald og lagde seg og vilde ikkje hava meir med han aa gjera. Dette var i Oslo. Morgonen etter, daa de var slutt paa morgonmessa, reid Magnus upp i Gatune[59] og sende bod til Harald, at han skulde koma dit. Daa han kom, var han klædd soleis: han hadde skjorte og brok med il-band[60], ei stutt kappe, ein irsk hatt paa hovude og eit spjotskaft i handi. Magnus sette merke for renneskeide. Daa sagde Harald: «Du gjer skeide for langt,» men Magnus gjorde de strakst mykje lenger og sagde at endaa var de for stutt. De var mykje folk der. Dei tok paa med kapprenningi, og Harald fylgde heile tidi hestebogen. Men daa dei kom til enden av skeide, sagde Magnus: «Du held i sal-reimi, og hesten drog deg.» Magnus hadde ein hest fraa Gautland, som var fælt snar. Daa kapprende dei tilbake att, og daa sprang Harald heile vegen for hesten. Daa dei kom til enden av renneskeide, spurde Harald : «Heldt eg no i sal-reimi?» «No hadde du fyrimun,» svara Magnus. Daa lét Magnus hesten skjota pusten ei stund, og daa han var reidug, køyrde han sporane i hesten, og han kom strakst i fart, men Harald stod still. Daa saag Magnus seg att og ropte: «Spring no!» sagde han. Daa flaug Harald fort fram um hesten og langt framanfor han til enden av renneskeide, og kom so mykje fyrr, at han lagde seg ned og spratt upp og helsa paa Magnus, daa han kom. Sidan fór dei heim til byen. Dessimillom hadde kong Sigurd vori i høgmesse, og fekk ikkje vita um dette fyrr etter maten. Daa sagde han vondt til Magnus: «De kallar Harald ein styving, men eg synest du er eit narr, som ikkje kjenner folkeskikken utanlands. Visste du ikkje de fyrr, at utlendingane øver seg i andre itrottar enn aa tøyta øl eller gjera seg baade ør og ufør og ikkje vita til seg. Gjev Harald ringen sin, og ap ikkje meir med han, so lengi mitt hovud er yvi mold.»


Gerhard Munthe: «Skal me lata kongen drepa mannen?»
28. Kong Sigurd var ein gong ute paa skipi, og dei laag i hamn, og de laag eit handelsskip, ein Islands-far, ved sida. Harald Gille var i fyrirome paa kongsskipe, og næmast honom lenger fram laag Svein Rimhildson, som var son hans Knut fraa Jaren[61]. Der var Sigurd Sigurdsson og, ein gjæv lendmann; han styrde skip sjølv. Ein godvérsdag, daa soli skein varmt, fór mange ut paa sum, baade fraa langskipi og handelsskipe. Ein islending, som laag og sumde, hadde moro av aa dukka deim under, som var laakare til aa symja, og dette log folk aat. Daa kong Sigurd saag og høyrde dette, kasta han av seg klædi og sprang i vatne og lagde burt til islendingen og tok han og dukka han under og heldt han nede; og strakst islendingen kom upp, dukka kongen han under andre gongen, og soleis den eine gongen etter den andre. Daa sagde Sigurd Sigurdsson: «Skal me lata kongen drepa mannen?» De var ein som svara, at de var nok ingin som var mykje huga paa aa leggja ut. Sigurd sagde at de hadde nok vori ein som torde, hadde Dag Eilivsson vori der. Sidan sprang Sigurd yvi bord og sumde burt til kongen og tok i han og sagde: «Tyn ikkje mannen, herre; alle ser no at du er mykje betre til aa symja.» «Slepp meg, Sigurd,» sagde kongen, «eg skal gjera de av med han; han vil drukna mennane vaare.» «Me tvo skal nappast fyrst,» svara Sigurd; «sym i land, du islendingen.» Han so gjorde. Men kongen slepte Sigurd og sumde til skipe sitt, og de same gjorde Sigurd og. Men kongen sagde at Sigurd maatte ikkje vera so djerv at han kom for augo hans. Dette vart fortalt Sigurd, og han gjekk upp paa land.


29. Um kvelden, daa folk gjekk og lagde seg, var de nokre menn som heldt paa og leika paa land. Harald var med i leiken, men bad sveinen sin ganga um bord og reida upp sengi og bida paa han der, og sveinen so gjorde. Kongen hadde alt lagt seg. Daa sveinen totte de drygde for lengi med Harald, lagde han seg upp i rome hans. Daa sagde Svein Rimhildson: «De er stor skam for gasta karar aa fara heimantil fraa gardane berre for at dei skal draga upp skosveinar her jamhøgt med deim.» Sveinen svara at Harald hadde vist han dit. Daa sagde Svein Rimhildson: «Me synest ikkje de er slik lukke, at Harald ligg her, um han ikkje skal draga med seg trælar og tiggarar og.» Dermed tok han eit kjevle og lagde til sveinen i hovude, so blode sila ned paa han. Sveinen sprang strakst paa land og sagde til Harald kva som var hendt. Harald gjekk radt um bord og atter i fyrirome og hogg med ei hand-øks til Svein og gav han eit stort saar paa armen, og so gjekk han strakst paa land att. Svein sprang upp paa land etter han, og frendane hans Svein styrmde til og fanga Harald og vilde hengja han. Men daa dei laga seg til med dette, gjekk Sigurd Sigurdsson ut paa skipe til kong Sigurd og vekte han. Daa kongen slo upp augo og kjende Sigurd, sagde han: «For dette same skal du døy, at du kom for augo mine, for eg forbaud deg de.» Dermed sprang kongen upp, men Sigurd sagde: «De vert alltid raad til dess, strakst du vil, konge, men no er de anna som du fyrst lyt gjera; far de snaraste du kan upp paa land og hjelp Harald, bror din; no vil rygine hengja han.» Daa sagde kongen: «Gud hjelpe oss, Sigurd, rop paa lur-sveinen og lat han blaasa mannskape upp paa land etter meg.» Kongen sprang paa land, og alle dei som kjende han fylgde honom, og dei gjekk dit som dei hadde stelt til galgen. Han tok Harald til seg strakst, og alle folk strøymde radt til kongen fullt væpna, daa luren lét. Daa sagde kongen at Svein og alle lagsmennane hans skulde vera fredlause; men alle folk bad for deim, og dei fekk kongen til aa gjeva deim lov til aa vera i lande og hava eigedomane sine, men Harald skulde ikkje gjeva bot for saare. Daa spurde Sigurd Sigurdsson um kongen vilde at han skulde fara burt daa. «De vil eg ikkje,» sagde kongen; «aldri kan eg vera deg forutan.»


30. De var ein ung fatig mann som heitte Kolbein, og Tora, mor til kong Sigurd Jorsalafar[62], lét skjera ut tunga paa han, og han hadde ikkje gjort anna, denne unge mannen Kolbein, enn at han hadde teki eit stykke fraa fate til kongsmori og sagde at steikjaren hadde gjevi han de; men steikjaren torde ikkje vera ved de for ho. Sidan gjekk denne mannen maallaus i lange tidir. Dette fortèl Einar Skuleson i Olavsdraapa. Han drog sidan til Trondheim og til Nidaros og vakte i Kristkyrkja. Men under ottesongen vesle Olavs-messa[63] sovna han, og totte at han saag Olav den heilage kom til seg og tok med handi i tunge-stumpen og drog. Daa han vakna, var han heil, og takka med glede Vaarherre og kong Olav, som han hadde fengi helse og miskunn av; han var komin dit maallaus og søkte de heilage skrine hans, og no fór han derifraa heil og lettmælt.


31. De var ein ung mann, som var av dansk ætt, som heidningane fanga og førde til Vindland og hadde han i lekkjur der med andre fangar. Um dagen var han aaleine i jarn utan vakt, men um nætane var de ein bondeson i same fotlekkja som han, so han ikkje skulde springa fraa han. Men denne stakars mannen fekk aldri svevn eller ro for harm og sorg, og han tenkte etter paa mange maatar til aa finna paa hjelperaad, og han kvidde mykje for trældom og var rædd baade for svult og pinslur, og venta ikkje at frendane hans skulde løysa han ut; for dei hadde tvo gongir fyrr løyst han ut fraa heidne land med pengar, og han totte han kunde vita, at dei vilde synast de var baade brysamt og kostasamt aa taka dette paa seg tridje gongen. Han er sæl, som slepp aa lida so mykje vondt her i verdi som han tottest lida. No saag han ikkje onnor raad enn aa smetta seg av og røma undan, um de var so laga. Han prøvde paa dette ved natte-tidir og drap bondesonen og hogg av han foten og lagde so til skogs med lekkja um foten. Men um morgonen etter i lysingi merka dei dette og fór etter han med tvo hundar, som var vande til aa rekkja vegen etter deim som smette seg av, og fann han i skogen, der som han laag og gøymde seg for deim. Dei fanga han og slo og dengde han og fór ille med han paa alle vis. Sidan drog dei han heim, og de var nettupp so vidt dei lét han faa lov til aa liva, og de var de einaste gode dei unte han. Dei drog han stad og pinte han og sette han strakst i myrkestogo, der de var 16 menn i fyrivegen, som alle ihop var kristne. Der batt dei han med jarn og andre band, so fast dei kunde. Den armodsdomen og dei pinslune som han hadde havt fyrr, totte han no var berre ein skugge av alt de vonde som han leid no. Ingin mann saag han i dette fangehuse som vilde beda um miskunn for han, og ingin mann totte synd i denne stakaren, so nær som dei kristne, som laag der bundne med han; dei syrgde og grét for hans ulukke og for si eigi naud og uheppe. Ein dag gav dei han ei raad og bad han lova den heilage kong Olav aa verta tenar i hans heilage hus, um han med Guds naade og hans bønir kunde koma ut av dette fangehuse. Dette samtykte han med glede, og lova seg strakst til den kyrkja som dei bad han. Natti etter syntest han at han saag i svevnen ein mann, som ikkje var høg, standa attmed seg, og han tala soleis: «Høyr du, stakars mannen, kvi stend du ikkje upp?» Han svara: «Herre, kven er du?» «Eg er kong Olav,» sagde han, «som du kalla paa.» «Aa gode herren min,» svara han, «eg vilde reisa meg upp med glede, um eg kunde, men eg ligg bundin i jarn og med lekkjur um foten med dei mennane som sit her bundne.» Daa kveikte Olav han upp og tok til ords soleis: «Statt upp fort, og ræddast ikkje; no er du visseleg laus.» Daa vakna han og sagde til lagsmennane sine den draumen som han hadde havt. Daa bad dei han at han skulde standa upp og freista um de var sant. Han stod upp og kjende at han var laus. No sagde hine lagsmennane hans at dette vilde ikkje hjelpa han, daa døri var læst baade utantil og innantil. Daa var de ein gamal mann som sat der og hadde de fælt vondt, som lagde eit ord med i lage og bad han ikkje tvila paa den manns miskunn som hadde løyst han; «difor hev han gjort ei jartegn med deg,» sagde han, «at du skal hava godt av hans miskunn og vera fri heretter, men ikkje til at du skulde koma i større armodsdom og pinsle; ver no snar og gakk til døri, og kan du koma ut, so er du berga.» Han so gjorde, og fann strakst døri opi, og smatt ut i same blinken og burt i skogen. Strakst dei merka dette slepte dei hundane sine og skunda seg etter han de meste dei kunde; men han laag og gøymde seg, stakaren, og saag grant korleis dei fór etter han. No kom hundane strakst ut or fare hans, daa dei kom nær innpaa han, og syne vart vendt paa alle ihop, so ingin kunde finna han, endaa han laag beint for føtane paa deim. Daa snudde dei heimatt og sytte og harma seg, for di dei ikkje hadde fengi i han. Kong Olav lét han ikkje døy, daa han var komin til skogen, og gav han høyrsl og full helse; for dei hadde slegi han paa heile hovude og delja han, til han vart dauvhøyrd. Sidan kom han um bord paa eit skip med tvo kristne menn, som dei lengi hadde pint der, og alle desse skunda seg av med denne farkosten, de meste dei kunde, og kom seg vel undan. Sidan gjekk han til huse til den heilage mannen, og daa hadde han vorti heil og vaapnfør. Daa ira han paa de som han hadde lova, og gjekk attpaa orde sitt til den milde kongen, og strauk av ein dag og kom um kvelden til ein bonde, som gav han hus for Guds skuld. Men um natti, daa han laag og sov, saag han tri møyar som kom inn til han, væne og fint klædde, og dei tala strakst til han og skjemde hardt paa han, for di han var so djerv og rømde fraa den gode kongen, som hadde gjort han so stor naade og løyst han or jarni og fangehuse, og strauk fraa den gilde herren som han hadde gjengi i teneste hjaa. Daa vakna han reint forfælt og stod upp strakst tidleg um morgonen og sagde de til husbonden, men denne gode bonden vilde ikkje vita av anna enn at han vende heimatt til den heilage staden. Den mannen, som fyrst skreiv upp denne jartegni, saag sjølv mannen og merke etter jarne.


32. Kong Sigurd lét hjelpa upp kaupstaden i Konghelleso mykje, at ingin kaupstad hadde meir magt paa den tid i Norig, og han sat der lengi og vakta lande. Han lét byggja ein kongsgard i kastelle og baud alle bygdine som laag nær kaupstaden, og likeins bymennane, at tolvte-kvar maanad skulde kvar mann, som var 9 vetrar gamal eller eldre, bera til kastelle 5 vaapn-steinar eller 5 staurar, som dei skulde gjera kvasse i den eine enden, og 5 alnir høge. Der i kastelle lét kong Sigurd byggja Krosskyrkja, som var ei tre-kyrkje, men mykje for-seg-gjord baade med byggjefang og arbeid. Krosskyrkja vart innvigd daa Sigurd hadde vori konge i 24 aar. Daa lét kongen den heilage krossen og mange andre heilagdomar vera der. Denne kyrkja kalla dei Kastellkyrkja. Han sette framanfor altare den tavla som han hadde lati gjera i Grækarland, og som var gjord av kopar og sylv og fint gyllt og sett med glimesteinar og ædelsteinar. Der var de skrine og, som danakongen Eirik Eimune[64] hadde sendt til kong Sigurd, og den altarboki, skrivi med gullbokstavar, som patriarken[65] gav kong Sigurd.


33. Tri vetrar etter Krosskyrkja vart vigd, vart kong Sigurd sjuk; den gong var han i Oslo. Han døydde der 1 natt etter Maria-messa i fasta[66] og vart gravsett i Hallvardskyrkja og lagd i steinmuren utanfor koren paa sudsida. Magnus, son til kong Sigurd, var i byen den gongen, og han tok strakst heile skattkammere til kongen, daa kong Sigurd døydde. Sigurd var konge yvi Norig i 27 aar; han vart 40 aar gamal, og hans tid var god for landsfolke; daa var de baade fred og gode aaringar.


Slutvignet Magnussønnernes saga.jpg


Notar:

  1. Snorre reknar krossferdi eit aar for tidleg, so at aarstali 1107—10 skulde vera 1108—11.
  2. Henrik I (1100—35).
  3. Galicia i nordvestre Spania, d. s. s. Jakobsland, soleis kalla etter apostelen Jakob, daa de var sagt gravi hans skulde vera der i byen St. Jago de Compostella.
  4. D. v. s. den spanske halvøyi, her Portugal.
  5. Cintra, paa halvøyi nordvest for Lisboa, hadde maurane teki i 1109, etter kong Alfonso var daain. Sigurd hev her hjelpt Henrik greive av Portugal, daa han i 1110 tok Cintra att fraa maurane.
  6. D. e. Lisboa («Lissabon»).
  7. De «heidne» (mohamedanske) Spania gjekk den gong til Tejo.
  8. Sigurd hev og vori med og hjelpt grev Henrik i aare 1110 med aa kringsetja Lisboa, men dei fekk ikkje teki borgi.
  9. Ei borg ved elvi Sadão, sunnanfor Setubal, som endaa i 1436 var kalla Sandago d'Alcazar.
  10. D. e. søre sida av Spania, gjegnt imot Serkland (Marokko).
  11. Ei av Balear-øyane, lengst sudvest.
  12. Av rong, kne eller spant i ein baat (innholt).
  13. Minorka.
  14. Grev Roger vann Apulia, etter at Vilhelm, systkinbarne hans, var daain i 1127, vart konge 1130 og døydde 1155.
  15. Son aat Roger, Vilhelm I (1154—66) er her slegin saman med son sin Vilhelm II († 1189); de var den siste som hadde ufred med de græske rike.
  16. Vilhelm I hadde umfram sonen Vilhelm II tvo døtrar; den eine var gift med Isak Komnenos, friraadug keisar paa Kypros (1183—91), den andre med Berengar Margarito, admiral paa Sicilia.
  17. Kona aat keisar Henrik (Constantia) var dotter aat Roger, ikkje aat Vilhelm.
  18. D. e. paa Snorre si tid. Fredrik II vart krynt til keisar 1220, døydde 1250.
  19. D. e. Kypros (sjaa merknad 3).
  20. Emanuel Komnenos var græsk keisar 1143—80.
  21. Kirjalaks (græsk kyr-Alexios, herr Alexios), her Alexios II, var græsk keisar 1180—83. Mor hans var ikkje fraa Sicilia, men var dotter aat fyrst Raimund av Antiokia.
  22. Akrsborg er Acre i Jødeland.
  23. Syria,
  24. D. e. Sidon (Sagitta).
  25. Sidon vart yvigjevi til kong Balduin 19de desember 1110.
  26. Kap. St. Angelo eller Malea lengst sudaust i Grækarland.
  27. Her er meint keisar Aleksios Komnenos (1081—1118).
  28. Gullporten (gr. chrysé porté), porten lengst sudvest i Konstantinopel.
  29. Laktjarnir er kongsgarden (slotte) Blachernæ nørdst i byen.
  30. D. s. s. Hippodromen, renneskeid og leikvoll, sunnanfor Sofiakyrkja aust i byen.
  31. Peterskyrkja laag millom Sofiakyrkja og de «store palats» lengst aust i byen.
  32. Bulgaria høyrde den gong til de græske rike.
  33. Ungarn naadde den gong til de vestre Bulgaria (ved Donau).
  34. Pannonia er de latinske namn paa vestre Ungarn.
  35. Schwaben, som elles ikkje skulde vori nemnt fyri Baiern, daa de ligg lenger vest.
  36. Baiern (med Austerrike).
  37. Lothar, hertug av Sachsen, som ikkje vart keisar fyrr enn i 1125 etter Henrik V (1106—25). Hertug Lothar var «riks-vikar» medan keisaren var i Italia aar 1111.
  38. D. e. 1111.
  39. D.s.s. byen Slesvik.
  40. Dansk konge 1104—1134.
  41. Mikjaalskyrkja var kyrkje aat klostere.
  42. Den eldste «kongehalli» i Bergen laag der «Kommandant-boligen» no er, paa Bergenhus. Apostelkyrkja laag nordanfor den (sjaa korte s. 742, nr. 8).
  43. Sjaa korte s. 528 nr. 15.
  44. Vaagan i Lofoten.
  45. No Store Dal.
  46. No Borge herad i Smaaleni.
  47. Harald er Mstislaw, son aat Wladimir Monomach, russisk storfyrste 1125—32.
  48. Valdemar den store, konge 1157—82.
  49. Karl, svensk konge 1161—67.
  50. Sørkve (Sverke), svensk konge 1196—1210.
  51. Skeisur av bein (leggbein).
  52. Sunde millom Senholmen og lande i Askvoll herad. Sunnfjord, Stopulen hev vori reist til sjømerke.
  53. Halvøvi millom Romsdalen og Sundalsfjorden, der fjelle Stemshesten er; her laag kongsgarden Hustadir, no Hustad.
  54. No Simrishamn, lengst sudaust i Skaane (sjaa korte s. 553)
  55. No Tomarp, sunnanfor Simrishamn.
  56. De «store myrkre» er solformyrkningi 11te august 1124.
  57. Ætti budde paa Blindheim paa Sunnmøre.
  58. Gille-Krist, d. e. tenar aat Kristus; vart i Norig avkorta til «Gille».
  59. Götur var den vegen kalla som gjekk fraa Hallvardskyrkja nordetter til Martestokkar (Galgeberg), no St. Hallvards gate (fyrr Galgebergsgata); sjaa korte s. 768.
  60. Il-band, band under foten (il eller ilk, fotblade under risti).
  61. Knut Sveinsson paa Sole var soneson aat Aaslak Erlingsson (sjaa s. 254).
  62. I den eldste legende er denne Tora ikkje mor til Sigurd Jorsalafar, men til Sigurd Munn. Jartegni skulde soleis hava hendt ikring aar 1150.
  63. 3dje august.
  64. Konge i Danmark 1134—37.
  65. Patriarken i Konstantinopel.
  66. 26de mars (1130).