Det andre kvædet um Helge Hundingsbane

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Svensk.gif
Svensk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Det andre kvædet um Helge Hundingsbane
Det forne Volsungkvædet


Kong Sigmund, son til Volsung, var gift med Borghild frå Brålund. Dei kalla sonen sin Helge etter Helge Hjorvardsson. Hagal fostra Helge. Hunding het ein mektug konge, etter han hev Hundland fengi namn. Han var ein stor hermann og hadde mange søner som var ute på hernad. Ufred og òtur var det millom kong Hunding og Kong Sigmund, dei drap frendane til kvarandre. Kong Sigmund og hans ættmenn het volsungar og ylvingar. Helge fór i løynd på njosning til kong Hundings hird; Heming, son til kong Hunding, var heime. Då Helge fór der ifrå, råke han ein gjætargut og kvad:

1.
Helge hugsar,
du til Heming segje,
at med våpnom vart han
vegen far hans;
ulven gråe
de inne hadde,
då Hunding helsa
Hamal for gjest.

Hamal het son til Hagal. Kong Hunding sende menn til Hagal som skulde leite etter Helge, og Helge kunde ikkje berge seg på onnor vis, enn at han tok klædi til ei terne og sette seg til å mala. Dei leita, men fann ikkje Helge. Då kvad Blind den hugvonde:

2.
Kvass-øygd er terna
ved kverni hans Hagal,
bonde-ætta
ikkje er ho:
steinar klovnar,
kvernbenken sprengjest.

3.
Ein hard lagnad,
hev hovding fengi,
når vyrdnads-folk
skal valbygg mala;
ho betre høvde,
handi denne,
for sverdfestet
enn for sveivtaket.

4.
HAGAL svara og kvad:
Eg lite undrast
um det læt i kverni,
når her ei kongsmøy
handtaket triv;
fritt ho sveiv
skyhøgt ein gong,
på viking-vis
ho våga seg ut,
fyrr Helge henne
hadde teki,
syster er ho
til Sigar og Hogne,
di atal i augo


er ylving-kvendet.

Helge kom seg undan og gjekk på herskip. Han felte kong Hunding og var sidan kalla Helge Hundingsbane. Han låg med heren sin i Brunavågom og gjorde der strandhogg, dei åt kjøtet rått. Hogne het ein konge, dotter hans var Sigrun. Ho var valkyrje og reid sky og sjø; ho var Svåva atterfødd. Ho reid til skipi hans Helge og kvad:

5.
Kven styrer skipi
ved strandi hera,
kvar hev dei heime
dei hermansflokkar?
Kva bier de etter
i Brunavågom,
kvar lyster dei leidi
å leggje sidan?

6.
HELGE kvad:
Hamal legg skipi
ved strandi hera,
heimen vår han
me hev på Lesøy,
me bier på bør
i Brunavågom,
me lystar å leggje
leidi mot aust.

7.
SIGRUN kad:
Kvar hev du hovding
på hernad fari
og svoltne ramnar
suvl gjevi?
Kvi ser eg på brynja
blod-skvettar,
kvi ét kjempune
kjøtet rått?

8.
HELGE kvad:
Det øvde nyleg
ylving-guten
vest i havet,
um vita du lyster,
bjørnen eg tok
i Bragalund
og ørne-ungar
med odden metta.

9.
No er sagt er det, møy,
kor saki er laga,
og kvi me på sjøen
steik ikkje fekk.

10.
SIGRUN kvad:
Leik du lyser,
då laut han Hunding
i bakken bite
for byrge hovding;
saman de søkte
og skyldfolk hemnde
med blodet båra
på blanke eggjar.

11.
HELGE kvad:
Kos viste du vel,
vise skjoldmøy,
at ætte-hemni
frå oss var komi?
det mange kvasse
kongs-søner finst
og ikkje ulike
oss i framferd.

12.
SIGRUN kvad:
Eg var ikkje langt
av leid, fylkjer,
i går ved gry,
då gramen stupte,
Sigmunds-sonen
sløg eg kallar,
som i løynde-runer
legg sine ord.

13.
Eg såg deg eit sinn,
då på skipi lange
fram du søkte
med stamnar blodskvette,
og svale leika
dei ljose byljgur;
no vil drotnen
dyljast for meg,
men Hogne-dotteri
Helge kjenner.

Granmar het ein mektug konge, som budde på Svarinshaug; han hadde mange søner: ein het Hodbrodd, ein annan Gudmund, ein tridje Starkad. Hodbrodd var i kongestemne, han feste seg Sigrun Hognedotter. Med då ho spurde dette, reid ho med valkyrjur sky og sjø og vilde finne Helge. Helge var då ved Logafjelli og hadde slegist med Hundingssønene; der felte han Alv og Øyulv, Hjorvard og Hervard. Då var han ovtrøytt etter striden og sat under Arastein; der råka Sigrun han og fór um halsen hans og kysste han og sa ærendi si, soleis som det vert meldt i Volsungkvida den forne:

14.
Sigrun søkte
sæle hovdingen,
helsa kjennsleg
og handi hans tok,
kysste på kinn
konge-sonen,
då vart guten
glad i drosi.

15.
Fram då måtte
ho mæle greidleg
at Helges ynde
ho eige skulde.
Hugen, lét ho,
leika for honom,
fyrr Sigmunds-sonen
sét ho hadde:

16.
Til Hodbrodd vart eg
på herferd fest,
men eg ein annan
eige vilde.
Men frende-harmen
eg fæler endå,
viljen til far min
eg veld er broten.

17. Inkje noko dulde
dotter til Hogne.
Hugen til Helge
hava ho laut.

18.
HELGE kvad:
Vyrd ikkje du
um vreid er Hogne,
og ilt deg unner
ættfolket ditt!
Møyi unge
med meg skal leva,
for folket ditt eg
fæler ikkje.

Helge samla då ein stor skipsher og fór til Frekastein, men på havet fekk dei eit fårlegt uvêr. Då kom ljoneld yver dei, og strålar stod i skipi. Dei såg i lufti at nie valkyrjur kom ridande, og dei kjende Sigrun. Då lagde han seg stormen, og dei kom heile til lands. Granmars søner sat på eit berg, då skipi siglde mot landet. Gudmund sprang på hesten og reid stad og vilde njosne på berget ved hamni. Då strauk volsungane seglet. Då kvad Gudmund:

19.
Kva er det for ein skjoldung
som skipi råder
og gullprydt her-merke
heiser frå stamn?
Fredeleg ferd
det fulla ikkje er,
leikande vêr-ljos
kring vikingar spelar.

20.
SINFJOTLE kvad:
Her mun Hodbrodd
Helge finne
framdjerve fylkjer
på floten standande;
han odels-eiga
til ætti di,
fjorsung-arven
hev under seg lagt.

21.
GUDMUND kvad:
Di fyrr no skal me
ved Frekasteinen
saker skilja
på sverd-ting i hop;
no Hodbrodd høver det
hemn å taka,
lågaste luten
me lenge nok bar.

22.
SINFJOTLE kvad:
Geiter gjæte
fell Gudmund betre;
og i bergskorer
bratte klive
og hava i handi
hasle-staven
sælare tykkjest
deg enn sverdleik.

23.
HELGE kvad:
Deg Sinfjotle
sømer det meir
i orlog fara
og ørnar gleda
enn med unyte
ord å skiftast,
um og hovdingar
hatige er.

24.
Ikkje godt eg unner
Granmars søner,
men sanningi segja
seg sømer då best;
dei merkte seg ut
på Moinsheimom,
at hug dei hev
til hoggast djervlegt.

Gudmund reid heim med herbod; då samla Granmars-sønene hèr. Der kom mange kongar saman: Der var Hogne, far til Sigrun, og sønene hans, Brage og Dag. Det vart strid bardage, og dei fall alle Granmars søner og alle hovdingane deira, so nær som at Dag Hogneson fekk grid og svor eid til volsungane. Sigrun gjekk på valmarki og fann Hodbrodd, han låg i banen.

25.
SIGRUN kvad:
Ikkje skal Sigrun
frå Seva-fjelli
koma deg, Hodbrodd
konge, i arm;
lidi er æva
- lik fær dei teva
dei ulvar grime -
for Granmars søner.

Då fann ho Helge og vart fullfegi.

26.
HELGE kvad:
Ikkje deg alt
ynskjelegt gjeng;
noko då visst
norner valdar:
i dag tidleg fall
ved Frekasteinen
Brage og Hogne,
deira bane vart eg.

27.
Ved Leborg rauk dei
Rollaugs søner
og ved Styr-kleivom
Starkad konge.
So skobeitt ein selle
såg eg aldri,
hovudlaus han
hogde endå.

28.
På jordi ligg no
dei aller fleste
frendane dine,
felte dei er.
Du kunde 'kje for det,
kvende; din lagnad
var til strid
for stormenn å vera.

Då gret Sigrun.

29.
HAN kvad:
Hugga deg, Sigrun,
holl var du oss;
sin lagnad ingen kjem undan.
Eg liv dei unnte
som lidne er,
når berre din elsk eg åtte.

Helge fekk Sigrun, og dei åtte søner. Helge vart ikkje gamal. Dag Hogneson blota til Odin for farshemn. Odin lånte Dag spjotet sitt. Dag fann Helge, mågen sin, ein stad som heiter Fjoturlund; han lagde spjotet gjenom Helge, som fall der; men Dag reid til Sevafjelli og sa Sigrun tidendi.

30.
Traud er eg, syster,
deg tregen å melde;
mot min vilje
veld eg deg tårer:
han fall i dag tidleg
ved Fjoturlunden
hævaste herren
som i heimen var.

31.
SIGRUN kvad:
Gjev at alle
eidane beit deg,
dei som du hadde
Helge svori
ved det ljose
Leiptrar-vatnet
og ved den svale
steinen til Unn.

32.
Ikkje skride det skipet
som under deg skrid,
um beste børen
blæs etter deg!
Inkje renne han hesten
som under deg renn,
um du hemnaren hadde
i hælane på deg!

33.
Inkje bite han branden
som du brår,
utan han sjølvo deg
syng um hovud.
Då vøre hemnd
Helges daude,
um varg du vildra
på vigga ute,
arm og einsam
og une-laus,
etter mat du leita,
til lik du gløypte.

34.
DAG kvad:
Ør er du syster
og utan vit,
som u-sæle ynskjer
yver bror din.
Odin einast
u-lukka veld,
han einast fred
og frendskap spillte.

35.
Brod din raude
ringar deg byd,
Vandils-vé alt
og Vigdalar;
tak halve vår heim
til harm å bøte,
du sylvprydde brur
med søner dine.

36.
SIGRUN kvad:
Inkje sit eg so sæl
på Seva-fjellom
årle hell seint
at eg uner leva,
når ljoset er sløkt
som ljona i sal,
og ingen Vigblå
bèr venen min heim,
med gullbeislet glim,
og eg guten fagna.

37.
So hadde Helge
hugstøkt alle
fiendar sine
og frendar deira,
som for vargen
vitlause renn
geiter av fjell
fælske-slegne.

38.
Høg stod Helge
hovdingar millom
som adels tre,
ask, yver torn;
hell som ein dyrkalv
seg doggvåt reiser
upp yver alle
andre dyri,
og heilt til himmels
horni spelar.

Haug vart gjort etter Helge. Men då han kom til Valhall, baud Odin han råde med seg i alt.

40.
HELGE kvad:
Du skal, Hunding,
her åt alle
fotlaug gjeva
og gjera eld,
hundar binde
hestar gjæte,
gjeva svini sutr,
fyrr i seng du legg deg.

Terna til Sigrun gjekk ein kveld frammed haugen til Helge og såg at Helge reid til haugen med mange menn.

40.
Terna kvad:
Er det augo som svik meg
med synkverving
eller kjem ragnarok?
Her rid det daudmenn,
som folane driv
i fjugande tan;
eller hev hovdingar
heimlov fengi?

41.
HELGE kvad:
D'er 'kje augo som svik deg
med synkverving,
eller enden på verdi
um oss du ser,
at me folane driv
i fljugandi tan;
heller hev hovdingar
heimlov fengi.

Terna gjekk heim og sa til Sigrun:

42.
Gakk ut, Sigrun,
frå Seva-fjelli,
um hovdingen
du hugast å sjå.
Upp er haug laten,
komen er Helge,
men såri bløder.
Han bed deg um dette
at drjupande blod
døyve du vil.

Sigrun gjekk inn i haugen til Helge og kvad:

43.
So fegi eg er
at me finn kvarandre
som dei hungrige
Odins haukar,
når val dei veit,
med varmt herfang,
eller den dogg-friske
dagsbruni dei ser.

44.
Livlaus konge
kysse eg vil,
fyrr den blodute
brynja du kastar.
Håret ditt, Helge,
helut er vorti,
all er du, ven min,
med val-dogg sprengd,
våtkalde hender
hev Hognes måg,
kor kann eg duga
til døyve dette?

45.
HELGE kvad:
Du veld det, Sigrun,
frå Seva-fjelli
at Helge no er
med harm-dogg sprengd.
Du, gullbjarte, græt
grime tårer,
fyrr du sovnar, solfagre,
sudrøne møy.
Kvar fell blodug
på brjostet åt meg
med svidande sut,
sår og kaldleg.

46.
Drikke me trøystugt
den dyre mjød,
um mist me hev land
og livsens glede.
Ingen skal vankvedne
visur syngje,
um han ser meg
med såra bringe;
no bur den bjarte
bruri i haugen,
hjå daude drengen
drosi kviler.

Sigrun reidde seng i haugen:

47.
Sengi, Helge,
eg hev deg laga,
og sova kann du
sutlaust hera;
i fanget mitt no
fær du kvile,
liksom du levande
låg hjå meg.

48.
HELGE kvad:
Eg ikke noko
umogelegt finn
seint hell årle
på Seva-fjelli,
når du meg, livlause,
ligg på armen
i haugen hera,
Hognes dotter,
du kvite, kvike
kongeborne.

49.
Tid er meg å ride
rodnande braut,
lata foten gule
flog-stig treda;
vestan skal eg
for vindhjelms bruer,
fyrr Salgovne
sigertjodi vekkjer.

Helge og fylgjet hans reid burt, og kvendi fór heim til garden. Kvelden etter let Sigrun terne halde vakt ved haugen. Men ved dagset, då Sigrun kom til haugen, kvad terna:

50.
Komen var han no
um koma han tenkte,
Sigmunds-sonen
frå Odins salar.
Mindre voni
vert at han kjem;
alt sit ørnar
på aske-greinom,
og til draume-ting
driv alle folk.

51.
Ver ikkje so ør
at einsam du fer,
drustet drosi,
til drauge-huset,
for daudmenn alle
djervari er
lange natti
enn ljose dagen.

Sigrun vart stuttlevd av harm og trege. Det var den trui gamalt, at folk vart fødde upp att, men det er no kjering-tull. Helge og Sigrun, er det sagt, vart fødde upp att; han het då Helge Haddingjaskade, og ho Kåra Halvdansdotter, soleis som dei kved i Kåreljod, og ho var valkyrje.