Det store kvadet om Sigurd

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Svensk.gif


Den eldre Edda


På nynorsk ved
Jackson Crawford
© 2016


Det store kvadet om Sigurd


Hogne sa:


1. "Har Sigurd svikta deg så,
at den djarve krigaren
lyt betala
med sitt liv?"


Gunnar sa:


2. "Sigurd svor
eidar til meg,
dei var alle
forfalska;
han braut dei
då han burde ha
halde dei best;
æra hans er tom."


Hogne sa:


3. "Det er Brynhild,
den hatefulle kvinna,
som eggja deg til drapet,
til å valda harm.
Ho hatar at Gudrun
er gift med Sigurd,
og ho elskar ikkje
deg sjølv fullgodt."


4. Dei steikte ulvekjøt,
dei hogg opp ormekjøt,
dei gav Gottorm
ulvekjøt å eta.
På denne måten
fekk dei han til å
tyrsta etter blod;
til å våga drepa Sigurd.


5. Gudrun, dotter
hans Gjuke, stod ute;
dei fyrste orda ho sa,
då ho såg dei, var:
"Kvar er Sigurd?
Kvar er kongen min,
som reid ut framfor dykk,
mine brør?"


6. Det var Hogne åleine
som våga svara henne:
"Me hogg Sigurd ned;
den gråe hesten hans
står enno og hengjer
hovudet over liket."


7. Då sa Brynhild,
dotter hans Budle:
"No skal ingen røva
våpena dykkar eller rika.
Sigurd ville teke
alt for seg sjølv,
om de hadde tillate
han å leva lenger.


8. "De var ikkje kloke,
om de tillét han å leva
og halda arven etter Gjuke
eller rå gotiske menn.
For Gjuke er faren
til fem søner sjølv,
striddjerve menn
som vil arva."


9. Brynhild lo —
ein gong,
med heile hjarta —
alle veggene skalv.
"De brør vil no nyta
liva dykkar og landa
lenge, no som Sigurd
er hoggen ned."


10. Men Gudrun,
dotter hans Gjuke, sa:
"Du seier for mange
hatefulle ord, Brynhild.
Ulukke ventar på
drapsmannen, Gunnar —
Sigurd sitt djerve hjarta
skal verta hemnt."


11. Sigurd fall
sør for Rhinen,
ein ramn sat i trea
og ropa med høg røyst:
"Sverda hans Attila
skal raudna i blodet dykkar,
og dei eidane de braut
skal bryta sjølve krafta dykkar."


12. Seint på kvelden,
alle hadde drukke,
og folk hadde snakka
om kvar hending.
Dei la seg på senger,
og alle sov.


13. Gunnar åleine
blei andvaken.
Foten rørde seg rolaust,
hugen vandra vonlaust,
denne krigaren
hugsa det som fuglane,
ein ramn og ein ørn,
sa der dei sat i treet,
då Gunnar og Hogne
reid heim frå drapet.


14. Brynhild,
dotter hans Budle,
vakna tidleg
førr en sola kom, og sa:
"Angrar eg meg?
Gleder eg meg?
Det verste er fullført,
eg får tala eller teia."


15. Alle var tagale
då dei høyrde henne,
men det var fåe
som fekk høyra
då hø gret og sa meir
om det ho baud Gunnar
og brørne hans gjera
medan ho lo:


16. "Gunnar, høyr:
eg fekk mareri om natta.
Det var svalt i salen
og senga mi var kald,
og du, krigar, var trist
og du reid — du vart
bunden med reip —
til uvenene dine.
De trulause brør
av Nivlungeætt,
altså skal de mista
all dykkar kraft.


17. "Hugsar du ikkje,
Gunnar, då du og Hogne
både blanda blodet dykkar
i eit spor med Sigurd?
De har halde ilt
det som de svor,
då han gladde seg
å lata deg vera fyrsten.


18. "Eg stadfesta
godlynnet hans
då den djerve krigaren
kom til å be om meg for deg.
Eg veit korleis
den unge kongen
helt det løftet
som han gav deg.


19. "Storarta Sigurd
sette sverdet sitt,
det gylne våpenet,
mellom han og meg.
Dei kvasse eggene
var herde i eld,
og gift var smurd
på det vidkjende stålet.


Om døden hans Sigurd.

Dette kvadet fortel at Sigurd vart myrda, og her seier det at dei drap han utandørs. Men andre seier at dei drap han i senga, og tyske menn seier at dei drap han i skogen, og i Den andre Gudrun-kvadet seier det at Sigurd hadde ride til eit folketing med Gjuke sine søner då dei drap han. Men alle er samde i at Gjuke sine søner sveik han, og at Sigurd vart myrda saklaus og utan åtvaring.


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.