Fortale av Snorre Sturlason

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif
Norsk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Fortale av Snorre Sturlason


I denne boki lét eg skriva upp segnir um hovdingar som hev havt rike i nordlandi, og som hev tala dansk maal[1], soleis som eg hev høyrt kunnuge menn segja, og likeins nokre av ættine deira, etter de som hev vori meg fortalt. Sumt av dette finst i dei ætte-listune, som kongar eller andre storætta menn hev rekna upp si ætt i; men sumt er uppskrivi etter gamle kvæde eller visur um de som hev hendt fyrr i tidi, som dei hev havt til aa moroa seg med. Men endaa me ikkje veit visst, at dette er sant, so veit me likevel prøvur paa de, at gamle vismenn hev trutt de var sant. Tjodolv fraa Kvine[2] var skalden hans Harald Haarfagre; han dikta eit kvæde um kong Rognvald Heidumhære, som dei kallar Ynglinga-tal. Rognvald var son aat Olav Geirstada-Alv, bror hans Halvdan Svarte. I dette kvæde er de nemnt 30 av forfedrene hans og fortalt um korleis alle desse døydde, og kor dei vart jorda. De var ein mann, som heitte Fjølne, og som var son hans Yngve-Frøy, som sviane lengi etter blota[3] til; etter honom hev Ynglingane fengi namne sitt. Øyvind Skaldespillar rekna upp forfedrane hans Haakon jarl den mektuge i de kvæde som heiter Haaløygja-tal, som var dikta um Haakon. I dette er Sæming nemnd, son hans Yngve-Frøy, og der er de og sagt, korleis kvar av desse døydde, og kor han vart hauglagd. Etter de Tjodolv hev fortalt, er de fyrst uppskrivi de som hende med Ynglingane, og seinare er mangt lagt til, etter de som kunnuge menn hev fortalt. Den fyrste tidi kallar dei brenn-alderen; daa skulde ein brenna alle daude menn og reisa bautasteinar etter deim. Men etter Frøy hadde vorti hauglagd i Uppsalir[4], gjorde mange hovdingar likso tidt haugar som bautasteinar til minne om frendane sine. Men sidan, daa danakongen Dan den storlaatne lét gjera seg haug, og bad at dei skulde bera han dit, naar han var daain, med kongsskrud ogher-klæde og hesten hans med sal-greidur og mykje anna gods, og mange av ættmennane hans gjorde de sama etterpaa, so tok haug-alderen til der i Danmark. Men brenn-alderen heldt seg lengi etter hjaa sviane og nordmennane. Men daa Harald Haarfagre var konge i Norig, daa vart Island bygt. Hjaa kong Harald var de skaldar, og folk kan endaa kvædi deira, og kvædi um alle dei kongane som sidan hev vori i Norig. Og me hev retta oss mest etter de, som er sagt i dei kvædi, som dei kvad for hovdingane sjølve eller sønine deira, og me tek alt de for sant, som finst i desse kvædi um ferdine eller slagi deira. De er skalde-vis aa lova den mest, som dei nett stend fyri; men ingin vilde vaaga paa aa nemna, so han sjølv høyrde paa, slike verk, som alle visste var berre lausprat og fjas, som høyrde de, og han sjølv med; de vilde daa vera spott, og ikkje lov.

Presten Are den frode[5], son hans Torgils Gjelleson, var den fyrste her i lande[6], som paa norskt maal skreiv upp hendingar, baade gamle og nye. Fyrst i boki si skreiv han mest um korleis dei bygde Island og gav lovir der, og sidan um lovsegjings-mennane[7], kor lengi kvar hadde vori lovsegjings-mann, og rekna ut aars-tali fyrst til dess kristindomen kom til Island, og sidan alt til si tid. Der tok han med mykje anna og, baade um kor lengi kongane livde i Norig og Danmark, og likeins i England, og dessutan um dei store hendingar, som hev gjengifyri seg her i lande, og eg tykkjer at alt de, som han segjer, er utifraa litande paa. De var mykje til klok mann, og so gamal var han, at han var fødd aare etter Harald Sigurdsson fall[8]. Han skreiv, som han sjølv segjer, sogur um dei norske kongane, etter de som Odd, son hans Koll Hallsson paa Sida, fortalde; men Odd hadde lært de av Torgeir Avraadskoll, som var ein klok mann og so gamal, at han budde paa Nidarnes den gongen daa Haakon jarl den mektuge vart drepin. Paa denne same staden lét kong Olav Trygveson emna paa ein kaupstad, der som han no er. Daa Are prest var 7 vetrar gamal, kom han til Hall Torarinsson i Haukadal og var der 14 vetrar. Hall var ein frampaa klok mann og minnug; han kunde minnast, at presten Tangbrand døypte han daa han var 3 vetrar gamal; de var aare fyrr kristindomen vart lov-tekin paa Island. Are prest var 12 vetrar gamal, daa Isleiv bisp døydde. Hall fór lande-millom og var i handelssamlag med kong Olav den heilage, og ved dette kom han til manns; difor kjende han til styringi hans. Men daa Isleiv bisp døydde, hadde de lidi innpaa 80 vetrar fraa di kong Olav Trygveson fall.Hall døydde 9 aar etter bispen Isleiv; daa var Hall 94 aar. Han hadde sett bu i Haukadal, daa han var 30 vetrar gamal, og budde der 64 aar. So skreiv Are. Teit, son til Isleiv bisp, var til fostring hjaa Hall i Haukadal, og budde der sidan. Han lærde upp Are prest, og fortalde mykje um gamle hendingar, som Are sidan skreiv upp. Are fekk vita mykje av Turid og, dotter hans Snorre gode[9]. Ho var fælt klok; ho mintest Snorre, far sin, og han var innpaa 35 aar, daa kristindomen kom til Island, men døydde eit aar etter kong Olav den heilage var fallin. De var ikkje underlegt, at Are hadde god greide paa gamle hendingar baade her og utanlands[10], for han hadde lært av gamle og kloke folk, og hadde sjølv god hug paa aa læra og godt minne. Men kvædi tykkjer eg minst vert forvende, soframt ein kved deim rett og tyder deim paa rette maaten.


Notar:

  1. Dansk er her sam-namn paa de maal, som vart tala i Norig og Sverige og Danmark.
  2. Kvine (Hvinir) hev me enno i namne i Kvinesdal i Vestagdir (Lister og Mandals amt).
  3. Blota er aa ofra til gudane.
  4. Uppsalir er no kalla Upsala.
  5. Den vise; mest um deim som var vel kunnuge i gamle sogur og hendingar.
  6. Dvs.: paa Island.
  7. Lovsegjingsmannen var formann for lagretta (som gav lovir). Han skulde segja fram lovi paa Altinge, so folke kunde læra ho, og han skulde vera ferdig med de paa 3 aar, og so skulde han taka paa att.
  8. Are er soleis fødd aar 1067.
  9. Gode (lyder nærast: gaade) kalla dei den som stod fyri eit hov (haav) eller gudehus.
  10. Dvs.: Norig.