Rigstula

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Rigstula


So segjer menn i forne sogur, at ein av æsene, han som Heimdall het, var på ferd frammed ei sjøstrand, og so kom han til ein gard og kalla seg Rig. Etter den soga er detta kvædet.

1.
I old, er sagt, gjekk han
dei grøne brauter,
trauste gubben,
trollkunnig ås.
Ram og rask
kom Rig reikande.
Midt etter stigen
skreid han so fram.

2.
Kom til eit hus,
hurdi var stengd.
Inn mun han gange,
eld brann på golvet,
og eit gråhært hjon
grov fram-i åren,
Åe og Edda
med aldrugt skaut.

3.
Rig kunde dei
råder segja.
Munde seg setja
midt imillom,
med mann og kone
på kvar si led.

4.
Då tok Edda
ein diger leiv,
tung og klumput,
og tett med såder.
Midt på ein stett
ho sette det fram.
Sòd var i bolle
ho bar på bord.

5.
Rig kunde dei
råder segja,
reis upp frå sess,
var huga te sova.
Heldt seg med dei
heile tri næter.
Midt etter stigen
skreid han so fram.

6.
Barn fekk Edda,
var aust med vatn,
-- -- -- -- -- -- -- --
svart av hamlet,
vart heitande Træl.

7.
Hendene hadde
skrukkut hud,
kropne knoklar,
[kartnaglar ljote]
og digre fingrar.
Fælt var andlet,
lut-ryggja var han,
med lange hælar.

8.
Voks han gjorde,
og vel han treivst.
Sidan fekk han
freiste styrken:
bast-reip binde
og byrdar gjurde,
ris bar han heim
heile dagen.

9.
Kom far-fyrkja
fram til gards
med saur på solom
og solbrende armar,
bjug-nasa var ho,
bar namnet Tir.

10.
Midt i sessen
sette ho seg.
Sat hjå henne
sonen i huset.
Dei rødde og runa,
reidde seg seng,
Træl og Tir
og tidi skreid.

11.
Born dei ól
uneleg saman;
eg trur dei vart kalla
Klur og Fjosne,
Reim og Klegge,
Kjefse, Fulne,
Drumb, Digralde,
Drott og Hosve,
Lut og Leggjalde;
dei laga skigard,
frøydde åkrar,
ól på griser,
gjætte geiter
og grov upp torv.

12.
Døtrane deira:
Drumba og Kumba,
Økkvinkalva
og Årinnevja,
Ysja og Ambått,
Eikintjasna,
Totrughypja
og Tranebeina.
Hev træle-ætter
sitt upphav frå dei.

13.
Gjekk Rig sidan
radne vegen,
kom til ei hall,
hurdi på glytt;
inn han gjekk,
eld brann på golv.
Ave og Amma
åtte huset.

14.
Sat der eit hjon
med syslom sine.
Mannen telgde
teinar til veven.
Skjegg var skipa,
hår klypt i skallen,
stramt sat skjorta,
skrin stod på golv.

15.
Sat der kona
og sveivde rokken,
strakte armane,
spann til vev.
Bar ho sveig
og bringeduk,
halsplagg ho hadde
og band yver herdar.

16.
Rig kunde dei
råder segja,
munde seg setja
midt imillom
med mann og kone
på kvar si led.

17.
Då tog Amma
-- -- -- -- --
Fulle skåler
fram ho sette,
kalve-steiki
var beste kråsi.

18.
Rig kunde dei
råder segja,
steig upp frå bord,
var huga te sova.
Heldt seg hjå dei
heile tri næter.
Midt etter stigen
skreid han so fram.

19.
Ein våk fekk Amma,
var aust med vatn,
dei kalla han Karl.
Kona sveipte
den raudleitte sellen
med dei spelande augo.

20.
Voks han gjorde,
og vel han treivst.
Uksar han tamde
og ardar gjorde,
timbra stogur,
sette upp løur,
kjerrur han smidde
og køyrde plog.

21.
Heim dei førde,
med nykle-hankar
og geiteskinn-stakk,
gifta til Karl.
Snòr heitte ho.
Sat ho med brur-lin.
So breidde dei blæja
og bu sette.

22.
Born dei ól
uneleg saman,
het Hal og Dreng,
Hold, Tegn og Smed,
Breide, Bonde,
Bundinskjegge,
Bue og Bodde,
Brattskjegg og Segg.

23.
Enn var det døtrar
med desse namni:
Snót, Brur, Svanne,
Svarre, Sprakke,
Fljod, Sprund, Viv,
Feima, Ristil.
Hev bonde-ætter
sitt upphav frå dei.

24.
Gjekk Rig derifrå
radne vegen,
kom til ein sal,
mot sud horvde døri,
opi ho stod,
ring var i stolpen.
Gjekk han so inn,
golvet var strålagt.

25.
Såg mann og kone
kvarandre i augo,
Fader og Moder
med fingrom leika.
Mannen sjølv
snudde strengjer,
smidde bogar
og skjefte piler.

26.
Fruga gav ans
på armane sine,
strauk yver linet,
sterte ermar,
batt upp skrud.
Dings var i bringa,
sid var kjolen
og serken blåleitt.

27.
Rig kunde dei
råder segja,
munde seg setja
midt imillom
med mann og kone
på kvar si led.

28.
Fann då moder
mønster-duk fram,
av bjartaste lin,
og breidde på bord.
Lagde so brotar
av braud på duken,
tynne, kvite
kveite-leivar.

29.
På bord ho sette
sylvlagde fat,
slikjande flesk
og steikte fuglar.
Vin var i kanne,
krota var staup.
Dei drakk og drøste,
med dagen leid.

30.
Rig kunde dei
råder segja,
reis han so upp,
reidde seg seng.
Heldt seg hjå dei
heile tri næter.
Midt etter stigen
skreid han so fram.

31.
Ein svein fekk Moder
vart sveipt i silke
og aust med vann.
Jarl vart han kalla.
Gulbleikt hår,
globjarte vangar,
atal i augo,
som orm du såg.

32.
Upp voks der
Jarl i garden,
Skjold mun han svinge,
strengjer leggje,
alm bøygje,
orvar skjefte,
på hestar ride,
hundar eggje,
sverd bruke
og symjing øve.

33.
Kom der til gards
Rig gangande,
Rig gangande,
gav runelærdom
og namnet sitt eigi,
nemnde honom son,
bad honom eigne seg
odels-vollar,
odels-vollar,
utgamle bygder.

34.
Ein-eigar vart han
av attan gardar;
gåvur han skifte,
gav åt alle
eigna-luter,
øykjer staute,
hogg sund og heiv ut
haugar av gull.

35.
Av fór drengjer,
ók våtvegen;
kom til halli,
der Herse budde.
Ei møy han hadde,
var mjo um hand,
kvitleitt og klok,
var kalla Erna.

36.
Feste dei møyi
og førde ho heim,
gifte ho med Jarl
og skautet gav ho.
Dei hugnadlegt saman
i heimen budde.
Med ætter auka,
sin alder dei naut.

37.
Upp so voks der
Jarl sine born,
dei hestar tamde
og hivde spjot,
emna skjoldar
og oddar kvesste.

38.
Bur var den eldste,
og sidan Barn,
Jod og Adal,
Arve, Mòg;
Nid og Svein,
Nidjung og Son,
dei tamde seg upp
i tavlspel og symjing.
Kund het ein til,
Kon var den yngste.

39.
Men Kon unge
kunde runer,
runer som år
og æve stend.
Meir kunde han:
mannaliv berge,
stormar stille,
sverds-egg døyve.

40.
Han fuglemålet
fulla kunde.
Eld han stogga,
sorger døyvde
og stillte hugen.
[Og so er sagt:]
han åtte manns avl
og age hadde.

41.
Han med Rig Jarl
um runer stridde,
batt han med velur
og vart den beste.
Då til odel
og eige vann han
Rig å heite
og rune-meister.

42.
Reid Kon unge
i kjørr og skogar,
og fuglen han fall,
der pili hans flaug.
Då kvad ei kråke,
på kvisten sat:
"Kvi fèr du, Kon ung,
og fuglar veider?

43.
Heller du skulde
din hest ut ride,
geiren støyte
og slengje spjot,
[vig vekkje,
voll blodge,
med hoggi harde]
her felle.

44.
Dan og Danp
hev dyre haller,
yppare odel
enn du mun eige.
Kann fulla dei
kjølen ride,
få sverd te bite
og sår te svide."

45.
Spjot han slengde
i skjold det skalv,
sprengde fram hesten,
og sverdhoggi skrall.
Vig han vekte,
voll han blodga,
val han fellte
og vann seg land.

46.
Reid han sidan
gjenom svarte skog,
yver helut fjell,
til halli han kom.

47.
[Fann der ei møy
fagrast av kvende.]
Bruni var bjartare,
brjostet ljosare,
halsen kvitare
enn klåre mjølli.
Flust var med gull,
der dei flutte saman.


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.