Valundskvæde

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Valundskvæde


Nidad het ein konge i Svitjod; han hadde tvo søner og ei dotter, ho het Badvin. Det var tri brødrar, søner åt finne-kongen; den eine het Slagfinn, den andre Egil, den tridje Valund; dei var skilauparar og veidemenn. Dei kom til Ulvdalar, og der gjorde dei seg hus. Der er eit vatn som heiter Ulvsjø. Tidleg ein morgon fann dei tri kvende på strandi som spann lin. Svanahamene sine hadde dei hjå seg, dei var valkyrjur. Tvo av dei var døtrar til kong Lodver, Ladgunn svankvit og Hervar alvit, den tridje var Alrun, dotter til kong Kjar i Valland. Dei førde desse med seg heim til stoga si. Egil fekk Alrun, Slagfinn Snakvit og Valund Alvit. Dei budde sjau år saman, då flaug dei av og vilde på herferd, og dei kom ikkje attende. Då skreid Egil av stad på leiting etter Alrun, Slagfinn leita etter Svankvit; men Valund sat i Ulvdalar. Han var den hagaste mannen som det gjeng ord um i forne sogur. Kong Nidad let han fengsle, soleis som det her er kvedi um det.

1.
Møyar flaug nord
yver myrkeskogen
- Alvit unge -
til orlog budde.
Dei på sjø-strandi
seg sette og kvilde,
droser sudrøne,
dyrt lin spann dei.

2.
Ei av dei unte
Egil å taka
fagre, ljose
møy i fang.
Ei onnor var Svankvit
med svane-ham.
- - - - - - -
- - - - - - -

3.
Men den siste
av sytrane tri
la handi um bjarte
halsen til Valund.
Ladgunn og Hervar,
Lodver sine born,
kjend var Alrun,
dotter til Kjar.

4.
Sat dei sidan
sjau år saman,
men åttande året
alt dei trådde,
og det niande
naudlengt tok dei;
myrkeskogen
møyane drog,
Alvit unge
til orlog var fus.

5.
Kom frå veideskog
verøygde skyttar,
Valund lidande
langan veg,
Slagfinn og Egil,
dei salen fann tom.
Dei ut og inn gjekk,
all stad leita.

6.
Mot aust skreid Egil
til Alrun å finne,
mot sud fór Slagfinn
etter Svankvit.
Einsam Valund
i Ulvdalar sat.

7.
Hann gullet raust
slo um glime-steinar,
ring etter ring
han rekte på snor.
Lengta han etter
sitt ljose viv,
attende vil koma.

8.
Det spør Nidad,
njara-drotnen,
at eine Valund
i Ulvdalar sat.
Um natt fór sveinar,
halvmånen skein
på blanke skjoldar
og brynje-karar.

9.
Av sâlar steig dei
ved stoge-veggen,
gjekk so heile
halli til endes.
Såg dei baugar
på bastreip dregne
sjau hundrad
som smeden åtte.

10.
Dei ringar lét av
og rekte dei på att,
ein ring berre
burt dei tok.

11.
Kom frå veideskog
verøygde skyttar
Valund lidande
langan veg.
Bjørne-skinka
han steikte ved åren,
med fullturr fure
frøsande brann.

12.
Sat på bjørne-fell
og baugar talde
alve-drotnen,
ein han sakna.
Tenkte at honom
hev ho møyi,
attende komi.

13.
Lenge hann sat,
til av han sovna,
men upp han vakna
viljelaus,
kjende handi
hardleg bundi
og foten fjetra
fast i jarn.

14.
Valund kvad:
"Kven er mannen,
som maktstal meg
og baste-bandi
batt med um lem?"

15.
Nidad mælte:
"D'er njara-drotnen.
Men kvar henta du,
alve-herren,
eigner våre
i Ulvdalom?
Gull fanst ikkje
i Grane sitt fat."

16.
Valund kvad:
"lang veg frå vårt land
mun vera til Rinar-fjell.
Men eg minnest me åtte
meir rikdom,
då heile lyden
heima me sat."

17.
Gløgg kona
til kongen stend ute,
inn gjekk ho heile
halli til endes,
stod på golvet
og stilt ho sae:
"Han er 'kje blid no
buggen frå holtet."

18.
Valund kvad:
"Sverdet ved sida
hans Nidad sleng,
det sjølv eg kveste
som eg kunde best,
det sjølv eg herde
som høveleg tyktest.
No bjarte branden
er langt frå meg boren.

19.
Badvild hev no
brure-ringen,
for raude baugar
bot fær eg aldri."

20.
Dronningi kvad:
"Ilske er augo
som rennande ormen;
tennene tøygjest,
når sverd vert tét han,
og han Badvild
sin baug mun sjå.
Segar og senar
de sneide på han
og setje han sidan
på Sævarstad!"

So vart det gjort, dei skar senane hans i knes-boti og sette han ut på ein holme, som var nær land og som het Sævarstad. Der smidde han alle slag dyrgriper til kongen. Ingen mann torde fara til han utan kongen åleine.

21.
Han sat jamt, sov aldri,
og slo med hamar;
velur han fulla
for kongen verkte.
Tvo smågutar,
søner til Nidad,
forvitna dreiv til døri hans fram.

22.
Til ei kiste kom dei,
kravde lykel.
Då vart ill lagnad sett,
når dei ned i fekk sjå.
Full meinverk der var,
der gutane meintest
sjå gullet raudt
og glime-steinar.

23.
Valund kvad:
"kom att åleine,
kome i morgon
då av gull
eg gjev dykk nøgdi.
Men lat ikkje mann
eller møy få vita,
eller nokon på garden,
at de gjeng åt meg."

24.
Den eine broren
den andre vakte
gridug um morgon:
"me gull skal få."
Til kista kom dei,
kravde lykel.
Då vart ill lagnad sett,
når dei ned i fekk sjå.

25.
Han sneid av hovud
på sveinane båe
og føtene slengde
i smidje-kråi;
men hause-skålene
under hår-garden
med sylv han sette
og sende Nidad.

26.
Gjorde av augo
glime-steinar,
gløgge kona
til kongen fekk dei.
Tennene deira
tok han sidan
til bringjesylgje
og gav Badvild.

27.
Badvild munde
baugen rose,
- - - - - - -
- - - - - - -
bar han til Valund,
då broten han vart:
"Ingen tor' eg segja det
utan einast åt deg."

28.
Valund kvad:
"So mun eg bøte
bresten i gullet,
at fagrare tykkjest
for far din ringen
og for mor di med
mykje betre
og for deg sjølv."

29.
Bar han fram bjor,
bjor som dåra,
so ho i sessen,
munde sovne:
"No hemnt eg heve
harmane mine,
alle utan ein
på illmenni."

30.
"Vel meg! sa Valund,
"eg vert ikkje fotlaus
um senar vart skorne
av Nidads sveinar."
Læjande Valund
seg lyfte til vêrs;
gråtande Badvild
gjekk or øyi.

31.
Gløgge kona
til kongen stend ute,
inn gjekk ho heile
halli til endes
- han på salgard
seg sette og kvilde -:
"Vaker du Nidad,
njara-drotnen?"

32.
Nidad kvad:
"Vaken sviv eg
viljelaus,
svevn eg saknar,
sidan sønene døydde.
Hovudet kulsar,
kalde råd hev du.
No vilde eg berre
at eg Valund råka.

33.
Høyre du Valund,
alve-hovding:
kvar vart det av gilde
gutane mine"?

34.
Valund kvad:
"Fyrst du alle
eidar sverje meg
ved skips-bordet
og skjolde-rand,
ved øykje-bogen
og sverd-eggi,
at Valunds viv du valdar ei ilt.

35.
Gakk til smidja
du sette upp åt meg,
og du belgane finn
blodflekkte.
Eg sneid av hovud
på sønene dine,
burt i kråi
eg kroppane slengde.

36.
Men hause-skålene
under hår-garden
med sylv eg sette
og sende Nidad.
Av augo eg gjorde
glime-steinar,
den gløgge kona
til kongen fekk dei.

37.
Tennene deira eg tok sidan
til bringe-sylgje
åt ho Badvild.
No er Badvild
med barn havande,
einaste dotteri
dykkar båe."

38.
Nidad kvad:
"Aldri tidend um tyngre
trege fekk eg.
Ingenharme heller
eg hemnde deg, Valund!
Men ingen når so høgt
han orkar deg felle,
deg høgt du sviv
mot skyi uppe."

39.
Læjande Valund
seg lyfte til vers,
men ukåt Nidad
vart sitjande att.

40.
Nidad kvad:
"Upp rir du Takkråd,
træl min den beste,
bed du møyi,
ljosbrynte Badvild,
at fager-drosi
med far sin røde."

41.
"Er det sant det Badvild,
som sagt meg er:
sat du med Valund
saman på holmen?"

42.
Badvild kvad:
Sant er det, Nidad,
som sagt deg er:
Sat eg med Valund
saman på holmen
den dåne-ridi,
dåreverk var det.
Mot han stande
eg ikkje munde,
mot han stande
eg ikkje makta.