Hårbardsljod

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif Faeroysk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Hårbardsljod


Tor var på ferd frå austerveg og kom til eit sund; på andre sida av sundet var ferjemannen med skipet.

Tor ropa:
1.
"Kva er det for ein svein-selle;
som stend for sundet dera?"

Ferjemannen svara:
2.
"Kva er det for ein kar-kall,
som kallar yver vågen?"

Tor kvad:
3.
"Før meg yver sundet,
so fær du ein åbit;
meis hev eg på rygg,
det finst 'kje maten betre.
Fyrr eg frå garde fór,
fekk eg meg mat,
havrebraud og sild,
eg hungrar ikkje endå."

Ferjemannen kvad:
4.
"Du stor-eting reknar for storverk,
men sjå vel fyre deg,
dauvlegt er heime hjå deg,
daud ligg mor di, tror eg."

Tor kvad:
5.
"Slik du no segjer
som synest kvar mann
dauvlegt å høyre,
at daud ligg ho mor."

Ferjemannen kvad:
6.
"Ikkje ser du ut
som du åtte tri gardar
berrbeint du stend,
du hev bragd som ein strjukar,
d' er snautt at du broki di eig."

Tor kvad:
7.
"Styr hit eikja,
eg stødi viser deg;
eller kven eig skipet
som ved strandi du held?"

Ferjemannen kvad:
8.
"Hildolv han heiter,
som bad meg halde båt,
rådvis er mannen
i Rådsøyarsundet;
ingi farkar
og øykje-tjuvar,
berre kjende og fagna
folk skal eg ferja;
seg meg namnet ditt,
vil yver sund du fara."

Tor kvad:
9.
"Namnet segjer eg,
endå ufredt her er,
og ætti mi all.
Eg er Odins son
og bror til Meile
og Magne sin far,
trauste gude-drotnen;
med Tor du no talar.
No deg vil eg spyrja
kva du heiter."

Ferjemannen kvad:
10.
"Hårbard eg heiter,
eg held sjeldan namn dult."

Tor kvad:
11.
"Kvi skulde du dyljast,
utan drengen hev ilt gjort?"

Hårbard kvad:
12.
"Kva illgjort eg hadde,
aldri eg skulde
fæle for slik fark,
utan feig eg var."

Tor kvad:
13.
"Liti møda verdt å vasse
yver vågen til deg
og væte mine tølur;
eg skulde umagen løne
for eglingi si,
um yver sund eg kom."

Hårbard kvad:
14.
"Her mun eg stande,
hera eg biar deg;
du fann ikkje ramare mann,
sidan Rungne stupte."

Tor kvad:
15.
"Du minner um det
då eg møtte Rungne,
jotun-sluggen
med steinhovudet,
likevel laut han
lukt åt marki.
Kva dreiv du med då, du Hårbard?"

Hårbard kvad:
16.
"I fulle fem vetrar
med Fjolvar eg sveiv
på øyi den
som Ålgrøn heiter;
vega me gjorde
og val felte,
mangt me freista,
møyar me fann.
Kva dreiv du med då, du Tor?"

Tor kvad:
19.
"Eg drap Tjasse,
den trå-søkne risen,
upp heiv eg augo
til Allvalde-sonen
høgt på himmelen klår,
dei beste merke
på mine storverk,
og audsynte er dei enn.
Kva dreiv du med då, du Hårbard?"

Hårbard kvad:
20.
"Mangt eit spel
eg med myrkridur hadde,
mana dei frå sine menn;
Fso leidt eit troll
tottest Lebard vera,
gav han meg gambantein,
men eg velte han frå vitet.
Kva dreiv du med då, du Tor?"

Tor kvad:
23.
"Eg var aust
i Jotunheimen,
drap illkynde gygrar
som gjekk i berg.
Stor vart jotun-ætt;
fekk alle leva,
då munde 'kje mann
i Midgard vera.
Kva dreiv du med då, du Hårbard?"

Hårbard kvad:
24.
"Var eg i Valland
og vigferd fylgde,
eggja upp hermenn,
men aldri dei samde.
Odin eig jarlar,
som jarn feller,
men Tor eig træleslaget."

Tor kvad:
25.
"Ujamt du folk
millom æser skifte,
um du hadde vald som du vilde."

Hårbard kvad:
26.
"Tor med makti si
vantar mod i hjarta;
kaut var 'kje karen,
då han kraup i hansken."

Tor kvad:
29.
"Eg var aust
og åi varde
då Svårangs sønene
sette på meg;
dei grytte med stein,
men gagn fekk dei lite,
dei laut fulla
um fred meg beda.
Kva dreiv du med då, du Hårbard?"

Hårbard kvad:
30.
"Eg var aust
med ei einherje skjemta,
leika i løyn-ting
med linkvite møy,
gledde den gullbjarte,
gaman ho fekk.
Kva dreiv du med då, du Tor?"

Tor kvad:
37.
"Berserk-brurer
eg banka på Lesøy,
øgne var dei,
øste upp alt folk."

Hårbard kvad:
38.
"Vesalt fór du då, Tor,
at du vog kvende."

Tor kvad:
39.
"Varulvar var det,
og visst ikkje kvende;
dei støytte ned skipet
som eg skorda hadde,
dei truga med jarnlurken
og elte Tjalve.
Kva dreiv du med då, du Hårbard?"

Hårbard kvad:
40.
"I heren eg var,
som hit stemnde
med reist stormfane
til å rjode spjot."

Tor kvad:
47.
"Skrøytingi di,
du sårt skal trega,
um eg legg til og vassar våg;
høgre enn ulven
yle skal du,
fær du av hamaren hogg."

Hårbard kvad:
48.
"Ein elskar hev Siv,
sjå til finn honom,
med honom å haldast
det høver deg betre."

Tor kvad:
49.
"Du mæler som tunga deg tèl,
det meg tykkjest det verste,
din livredde larv;
du lyg meiner eg."

Hårbard kvad:
50.
"Sant trur eg å segja det,
du sein er på foten;
no langt var du faren, Tor,
um ferje du hadde."

Tor kvad:
53.
"Ei råd eg no gjev deg:
ro hit med båten,
tretta trjote,
tak Magnes far med!"

Hårbard kvad:
54.
"Far du frå sundet!
du fær ingen båt."

Tor kvad:
55.
"Vis meg då leidi,
når du vil meg ikkje ro!"

Hårbard kvad:
56.
"Lite skal eg krangle,
det langt er å fara:
ei stund til stokken,
til steinen den næste;
haldt so til vinstre din veg,
til du Verland hitter.
Der mun Fjorgyn
finne Tor son sin
og syne ættingen veg
til Odins-landi"

Tor kvad:
59.
"Slutt vil me svalle,
når du spottar meg berre;
eg skal lønne din umak,
um eit anna sinn me råkast."

Hårbard kvad:
60.
"Far troll i vald,
all dei take deg!"


Innskot:

Hårbard kvad:
18.
Spræke var gjentune,
berre dei spakna;
gilde var gjentune,
berre dei vart gjølte;
dei or sanden
snudde reip,
grov ut grunnen
til djupe dalar;
eg åleine
med alle rådde,
kvilde med systrane sjau
og hadde deira hugnad og gaman."