Svipdagsmål. I. Grogalder

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Grógaldr Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde

Norrøne fornsongar

(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved

Ivar Mortensson-Egnund


Svipdagsmaal

I. Grogaldr


W. G. Collingwood: Groas galder
Sonen:
1.
«Vakne Groa,
vakne du gode,
eg vekkjer ved daudheims dørar;
um i minnet du bèr
det du baud sonen din
til gravhaugen gange.»


Groa:
2.
«Kva er deg so ant um,
min einaste son,
kva heve so ilt deg hendt,
når du mor di manar,
som i mold er lagd
og longo or livheim gjengi?»


Son:
3.
«Ho leide trautar
la meg den meinvise,
ho som far min famna.
Av ho meg sende
på ukjend veg
Menglad til møtes.»


Groa:
4.
«Lang er leidi
langt er å fara,
langt mun hugen leike.
Um soleis det gjeng,
som du set deg fyre,
då er lukka deg laga.»


Son:
5.
«Du galdrar meg gale
som gode er,
du berging gjeve ditt barn.
Aldri, eg ottast,
eg att mun koma,
for ung tykkjest sveinen endå.»


Groa:
6.
«Galdr den fyrste
eg fullgod deg gjel.
Rane gol han for Rind:
av akslom du skake
det deg atalt tykkjest,
sjølv leid du sjølvan deg.


7.
Eg gjel deg den andre,
um utrygg du sviv
og vonlaus mun vanke;
Urd skal kverve,
kvar du fer,
vondt frå dine vegjer.


8.
Eg gjel deg den tridje,
um treiske elvar
lurer på ditt liv;
Horn og Rud
horvast til Hel,
tverre, kvar du trød.


9.
Eg gjel deg den fjorde,
um deg fiendar møter
grime på gaglveg:
deg til hande
hugen seg vende,
vondt seg snu til venskap!


10.
Eg gjel deg den femte,
um fjetra du vert,
og lemer vert lagde i band.
Um leggen eg kved deg
løysnings-galdrar,
og lås sprett av lemom,
band av beinom.


11.
Eg gjel deg den sette,
um på sjø du kjem
verre enn folk veit;
luft og låg
lognast umkring deg
og gjeve deg fredfull ferd.


12.
Eg gjel deg den sjuande,
um styggvêr kjem
og frost på høge fjell:
isende kalde
skal ’kje ilt deg gjera,
ver heil i led og lem.


13.
Eg den åttande gjel deg,
vert du ute um natt,
på skume skodde-veg:
meinlaus du vere,
møter du og
kristen kvinnmann daud.


14.
Eg gjel deg den niande,
gjeld det um ord
å skifte med spjotsterke jotun;
mål og mannvit
i munn og hjarta
fulla vert guten gjevi.


15.
Før deg aldri
i ulukke frami,
vike so mein frå din veg!
På jordfast stein
stod eg innandørs,
medan eg galdrar deg gol.


16.
Talen til mor di
take du imot,
gjev på ordi gaum.
Då skal heider
og heppe deg fylgje,
når mors ord du minnest.»

HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.