Svipdagsmål. II. Fjolsvinnsmål

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde

Norrøne fornsongar

(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved

Ivar Mortensson-Egnund


Svipdagsmaal

II. Fjolsvinnsmaal


W. G. Collingwood: Svipdag og Menglad
1.
Upp kom Svipdag
ved utgarden fram.
der tussar hadde heim:
«Kva er det for utbord,
som i utgarden sviv
og kring vå-elden vadrar?»


2.
FJOLSVINN:
«Kva sviv du etter,
kva søkjer du her,
eller kva vil du, vesaling, vita?
På sleipe vegjer
du slengje deg av att,
her fær du ’kje vernlaus vera.»


3.
KOMEMANNEN:
«Kva er det for utbord
som i utgarden stend
og fagnar ’kje farande folk?
På sømdar-ord ikkje
den sellen er flus;
hav deg sjølv heim!»


4.
FJOLSVINN:
«Fjolsvinn eg heiter,
frod er eg i hug,
men matmild ingen meg kallar.
Innanfor garden
aldri kjem du,
far din veg, varg!


5.
KOMEMANNEN
«Augne-gaman
hugast ein atter få,
der ein det sælt mun sjå.
Gardar glitrar
um gyllne sal,
her munde eg hjarteleg una.»


6.
FJOLSVINN:
«Seg meg no svein
kvar stokken du er
eller kva ætt du mun eige?»
KOMEMANNEN:
«Vindkald eg heiter,
Vårkald het far min,
Fullkald het far hans.


7.
Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kven som her er herre
og heve i vald
gods og gilde salar!»


8.
FJOLSVINN:
«Menglad ho heiter,
og ho er dotter
av son til Svavrtorin.
Ho er herren
som heve i vald
gods og gilde salar. »


9.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva grindi her heiter;
i gudheim snautt
såg du so steggleg greide!»


10.
FJOLSVINN:
«Trymgjoll ho heiter,
er gjord av tri
søner til Solblinde.
Fjetra fast vert
kvar farande mann,
som ho vil lyfte frå led.»


11.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn.
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva gjerdet her heiter;
i gudheim snautt
såg du so steggleg greide!»


12.
FJOLSVINN:
«Gaststropne det heiter,
men gjort det hev eg
av lemom hans Leirbrime.
So hev eg studt det,
at stande det skal
trygt i all æva.»


13.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva dei hundane heiter
som horskare gøyr
enn eg hev noko sinn høyrt!»


14.
FJOLSVINN:
«Givr heiter ein,
Gjere den andre,
um du vil det vita;
møyane alltid
dei idugt vaktar
so lenge verdi varer.»


15.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kann det so høve,
med hundane søv,
ein svein kann smette inn?»


16.
FJOLSVINN:
«Um å sova dei skiftest,
det soleis vart laga,
då vakt dei skulde vera;
ein søv um natti,
den andre um dagen,
koma der ingen kann.»


17.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
er det nokon mann,
som kann mat dei gjeva
og laupe inn med dei et?»


18.
FJOLSVINN:
«Vengstykke tvo
i Vedovne ligg,
um du vil det vita:
um einkvar mannen
den maten gjev dei,
då laupe han inn med dei et.»


19.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva det treet heiter,
på tunet der stend
og veks so vidt yver land?»


20.
FJOLSVINN:
«Mima-tre det heiter,
ikkje mange det veit
kva rot det hev runni av;
kva som flekkjer treet
kann fåe tenkje,
det er korkje eld eller jarn.»


21.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva gagn er i fræ
av fræge treet
som korkje eld eller jarn flekkjer?»


22.
FJOLSVINN:
«Av alda eit grand
på eld du hive,
det batar barnsjuke kvende;
fram i dagen då kjem
det som dult var,
slik makt og mynje hev treet.»


23.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva heiter hanen
som sit i høge treet,
av gull all han glor?»


24.
FJOLSVINN:
«Vedovne han heiter
høgt i vêret han skin,
i topp på Mima-tre.
I hugsotti hard
held han alltid
Surt og Sinmara.»


25.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
um eit våpen det finst,
som Vedovne kann
sende ned og nord!»


26.
FJOLSVINN:
«Lævatein gjer det;
kloke Lopt han gøymer
nede under jord
i seigjarn-kista.
Sinmara hev han
læst med lås ni.»


27.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kjem han attende
den som av mun fara
og vil teinen taka?»


28.
FJOLSVINN:
«Attende han kjem,
den som av mun fara
og vil teinen taka,
um med seg han fører
det fåe mun eige
til fræge, gullrike fruga.»


29.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva som metande er
av det menner eig,
so bleike gygri vert glad!»


30.
FJOLSVINN:
«I lur du ljose
ljåen bere
som er i Vedovnes vele;
gjev Sinmara denne,
då sjå du kann
ho viljugt våpnet gjev deg.»


31.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva salen heiter,
som det seg sveiper
leikande logar ikring!»


32.
FJOLSVINN:
«Lyr han heiter,
og lenge han skal
bivre på sverd-odd og brodd;
um fegra hans
mun millom folk
einast gjetord gange.»


33.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kven det gullfagre,
hev gjort, som eg såg
i alvegarden inne?»


34.
FJOLSVINN:
«Une og Ire,
Bare og Ore,
Var og Vegdrasil,
Dore og Ure,
Delling var og
der ved døri vakt.»


35.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva det berget heiter,
der bruri eg ser
den drustelege drøyme.»


36.
FJOLSVINN:
«Lyvjaberg det heiter,
lenge det var
sjuke og såre til trøyst;
kvart eit kvende
som kliv det berget,
lækjest for livslang sott.»


37.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva møyane heiter
som ved knei til Menglad
sit samde saman!»


38.
FJOLSVINN:
«Liv heiter ei,
Livtrasa den andre,
Tjodvarta den tridje,
Bjart og Blid,
Blid og Frid,
Eir og Aurboda.»


39.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
bergar dei deim,
som blot mun gjera,
når nokon er i naud?»


40.
FJOLSVINN:
«Berging dei gjev
når bloting dei fær
på heilagt horg;
so hard ei trengsle
høver ’kje nokon,
utan ho letnar og linnest.»


41.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
er nokon so sæl
at sova han fær
i Menglads mjuke arm?»


42.
FJOLLSVINN:
«Den sæla hev ingen
at sova han fær
i Menglads mjuke arm
utan Svipdag eine,
honom solbjarte dros
vigd var til viv.»


43.
VINDKALD:
«Slå på døri
og sleng upp porten,
her mun du Svipdag sjå.
Skunda deg spør,
um den solbjarte vil
ferdamannen fagne.»


44.
VINDKALD:
«Høyr du Menglad,
ein mann her er komen,
gakk du gjest å sjå;
av hundar fagna,
med hus seg opnar,
Svipdag synest det vera.»


45.
MENGLAD:
«Horske ramnar
i høge galge
slite deg syni ut;
um dette du lyg
at langvegjes komen
er han til hallene mine.


46.
Kvar kjem du ifrå,
og kvar tok du ut,
kva vart du heime kalla?
Um ætt og namn
du jartegn syne,
um eg er vigd deg til viv.»


47.
SVIPDAG:
«Svipdag eg heiter,
Solbjart het far min,
heiman dreiv meg vindar kalde vegjer.
Urd sine ord
ingen ruggar,
um og lagnad lagdest tung.»


48.
MENGLAD:
«No velkomen vere du
min vilje fekk eg,
helsar-kyssen du have.
Sælaste fagnad
å finnast for dei,
som heve kvarandre kjær.


49.
Lenge eg sat
på Lyvjaberg
bidde både døger og dag.
Og no det vart
som venta eg hev,
du er attkomen mann til mine salar.


50.
Hugen leika
lengta etter deg
sår var og saknad din.
No er det sanning
at saman me skal
slite alder og æve.»