Balders draumar

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Balders draumar
Vegtams-kvida


1.
Alle i senn
var æser på tinge
og åsynjur
alle til stades.
Rådlag heldo
trauste gudar,
kvi Balder møddest
med mykje draumar.

2.
Upp reis Odin,
utgamle gaut,
og han på Sleipne
sâlen lagde;
derfrå ned
til Nivilheim reid han,
møtte hunden,
or Helheim kom.

3.
Blodut var han
um bringa framme,
på Galder-fader
gøydde han lenge.
Fram reid Odin,
farvegen dunde;
til høge halli
åt Hel kom han.

4.
Då reid Odin
austan um dør,
der han visste
ei volve-grav.
Han val-galder kvad
for den vise kvinna,
til ho naudig reis upp
og nå-ord mælte.

5.
"Kva er du for mann,
for meg ikkje kjend,
som hev meg valda
vegen so tung?
Eg var snjova med snø
og slegi med regn
og drivi med dogg,
daud var eg lenge."

Odin kvad:
6.
"Vegtam eg heiter,
er son åt Valtam.
Seg meg tidend frå Hel;
frå heimen tel eg.
Åt kven er her benkjer
med baugar prydde,
og pallen fagert
flolagd med gull?"

Volva kvad:
7.
"Her for Balder
stend bryggja mjød,
yver drykken skire
ligg skjolden kvelvd.
Æser alle
er ottesame;
naudig eg tala,
no mun eg tegja."

Odin kvad:
8.
"Teg ikkje, volve,
tala du skal,
til eg ålkunnig vert,
enn vil eg vita:
kven skal Balder
bane valde
og alder øyde
for Odins-sonen?"

Volva kvad:
9.
"Hòd ber høge
ættingen hit;
han skal Balder
bane valde
og alder øyde
for Odins-sonen;
naudig eg tala
no mun eg tegja."

Odin kvad:
10.
"Teg ikkje, volve,
tala du skal,
til eg ålkunnig vert,
enn vil eg vita:
kven hemnar skal vete
på Hòd for illverk
og Balders bane
på bål føre?"

Volva kvad:
11.
"Rind fær Våle
i vester-salom,
natti gamal
den guten din slær:
han hand ikkje tvær
hell hovud kjember,
fyrr på bål han ber
Balders dråpsmann;
naudig eg tala,
no mun eg tegja."

Odin kvad:
12.
"Teg ikkje, volve,
tala du skal,
til eg ålkunnig vert,
enn vil eg vita:
kva heiter dei møyar
som heitt mun gråte
og til himmels kastar
halse-skauti?"

Volva kvad:
13.
"Du er ikkje Vegtam,
som eg det meinte,
men Odin er du,
utgamle gaut."

Odin kvad:
"Du er ikkje volva
den vise kvinna,
men til tussar
tri er du mor."

Volva kvad:
14.
"Heim rid du Odin,
med heilan hug,
og velkomen att
på vitjing hit,
når Loke leikar
laus or bandom
og i ragna-rok
ransmenn er ute."


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.