Fåvnesmål

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Svensk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Fåvnesmål


Sigurd og Regin fór upp på Gnitahei-i, og der fann dei fáret etter Fåvne, der han skreid etter vatn. Der gjorde Sigurd ei stor grov yver vegen, og han gjekk ned i ho. Men då Fåvne skreid av gullet, bles han eitr, og det spruta ned yver hovudet på Sigurd. Men då Fåvne skreid yver grovi, lagde Sigurd til han med sverdet inn i hjarta Fåvne riste seg og slo med hovud og spord. Sigurd laup upp or grovi, og dei såg på kvarandre.

1.
FÅVNE kvad:
”Du svein, du svein!
kvar er sveinen boren
og kva ætt mun du eige?
du som sverdet farga
i Fåvne sitt blod
og bane-beigen gav meg?”

Sigurd dullde namnet sitt, for di at det var den trui i fyrndeheimen, at feig manns ord hadde stor makt, um han lyste våbøn yver fienden sin med namns nemning.

2.
HAN kvad:
”Hjort eg heiter
og heve svivi
som ein morlaus mann
eg hev far ikkje frett
som folk hev elles,
einsam fèr eg fram.”

3.
FÅVNE kvad:
”Hev du far ikkje frett
som folk hev elles,
kva ufryskje avla deg då?”
— — — — — — —
— — — — — — —
— — — — — — —

4.
SIGURD kvad:
Ӯttslaget mitt
mun deg ukunnigt vera
sameleis som eg sjølv;
Sigurd eg heiter,
Sigmund het far hans,
som deg med våpnom vog.

5.
FÅVNE kvad:
”Kven eggja deg gut,
so du ikkje deg gruvde
for med Fåvne å fåst
Du bjartøygde svein!
beisk var han far din,
det tidleg kippest i kynet.”

6.
SIGURD kvad:
”Hendene hjelpte meg,
der hugen eggja,
og sverdet kvasse det skar;
fåe er dei freke
fullvaksne menn,
som var i barndomen blaude.

7.
FÅVNE kvad:
”Eg veit du vaks upp
hjå vener i lag,
og der tottest du vera mann;
men træl er du teken,
og træl er du fødd,
og trælestøkk trutt vil deg fylgje”

8.
SIGURD kvad:
”Du lastar meg dette
at lite eg såg
av fager fedra-arv,
men eg træl ikkje heiter,
um eg herteken vart;
du laus og ledug meg fann”

9.
FÅVNE kvad.
”Hædings-ord du
høyrer i alt,
men eg skal deg sanning segja,
gullet glimer
gloende raudt,
men det bèr deg din bane.”

10.
SIGURD kvad:
”Råde vil kvar
rikedom og fe,
til daude-dagen kjem;
og ein gong alle,
det er so laga,
skal fulla hel-vegen fara.”

11.
FÅNE kvad:
Til nærmaste nes
styrer norner deg fram,
og like sæl er du lenger;
i vatn du druknar
um i vinden du ror,
feig mann farangen slær.”

12.
SIGURD kvad:
”Seg meg, Fåvne,
frod skal du vera,
og mangt du visst veit:
kva norner er dette
som i naud mun hjelpe
og born frå mors-liv løyser.”

13.
FÅVNE kvad:
”Ymse ætter
det er av norner,
dei ikkje hev same upphav,
av ås-ætt er sume,
av alv-ætt sume,
sume er døtrar til Dvalin.”

14.
SIGURD kvad:
”Seg meg, Fåvne,
du frod skal vera,
og mangt du visst veit:
kva heiter den holmen
der hardt skal møtast
Surt og æser til slag?”

15.
FÅVNE kvad:
”Oskopne han heiter,
der alle gudar
skal leike med odd og egg.
Bilrost ho brest,
når på brui dei rid,
og folar flyg i lause lufti.

16.
Min øgeshjelm folk
med fælske slo,
med eg meg um rikdomen ringa;
eg vontest vera
vett ramaste,
um aldri so mange eg møtte.”

17.
SIGURD kvad:
ӯgjeshjelm din
ingen bergar,
der harde hausar gjeng fram;
det kvar ein finn,
som med fleire kjem saman,
at ein er kje hævar’ enn andre.”

18.
FÅVNE kvad:
”Eitr eg frøste,
då på arven eg låg
den fagre etter far min.
— — — — — — — —
— — — — — — — —
— — — — — — — —

19.
SIGURD kvad:
”Høyr, fråne-ormen,
fræste du gjorde,
av hard-hug hadde du nok,
og illska du ikkje sparde;
men di hardare hug
fær hause-karar
som hjelmen din mun hava.”

20.
FÅNE kvad:
”Eg råd gjev deg, Sigurd,
og råd du take,
rid so heim hedan:
glimande gull,
som gloraudt lyser,
til banen den rikdomen ber deg.”

21.
SIGURD kvad:
”Råd du meg rådde,
men ride eg vil
til gull som i lyngi ligg;
men du, Fåvne, heve
helorann fengi,
til Hel deg heim fører.”

22.
FÅVNE kvad:
”Meg svikråd gav Regin,
han svikråd gav deg med,
han vert oss båe til bane;
livet lata
lyt no Fåvne,
meisteren min du vart.”

Regin var gjengen burt medan Sigurd vog Fåvne; no kom han att når Sigurd strauk blodet av sverdet.

23.
REGIN kvad:
”Heil deg no, Sigurd,
siger du heve
yver Fåvne fengi;
av alle dei gutar
som gjeng her på jord,
du, segjer eg, er djervast.”

24.
SIGURD kvad:
”Uvisst å vita,
um me alle kom saman,
kven var djervaste drengen;
eg veit spræke sveinar
som sverd aldri hev
blodga i annars brjost.”

25.
REGIN kvad:
”Du fegen er, Sigurd,
og fjåg av ditt verk,
der du turkar Gramen i graset;
bror min hev du
bane gjevi,
sjølv er eg saka i dette.”

26.
SIGURD kvad:
”Du fauk langt undan,
med eg i Fåvne
sette sverdet kvast;
hardt eg hogdest
med håle ormen,
då du i lyngi låg.”

27.
REGIN kvad:
”Lenge i lyngi
legi han hadde
den utgamle jotun-trasen,
um du ikkje no
hadde noti mi hjelp,
med eg smidde deg sverd kvast.”

28.
SIGURD kvad:
”Mod hjelper meir
enn makt i sverdet,
når kjempur kjem i ota;
spræke sveinar
såg eg ofte
få siger med skjemde sverd.”

[Regin kravde bot for Fåvne, bror sin.]

29.
SIGURD kvad:
”Rådi di var det
at eg ride skulde
helug veg hit;
endå heil og holdug
var håle ormen,
hadde du ikkje drengen
eggja.”

Då gjekk Regin til Fåvne og skar hjarta hans ut med eit sverd som heiter Ridil, og so drakk han blod av såret etterpå.

30.
REGIN kvad:
”Sit du her, Sigurd
sova eg lyt,
og hav hjarta på gloi;
den godbiten skal vel
guten smaka
attpå so dyr ein drykk.”

Sigurd tok hjarta til Fåvne og steikte på ein tein. Då han tenkte at det var fullsteikt, og flotet saud or det, tok han på det med fingeren og skulde kjenne um det var fullsteikt. Han brende seg og stakk fingeren i munnen. Men når Fåvnes hjarteblod kom på tunga hans, då skyna han fuglemål. Han høyrde at igdur kvitra i buskom.

31.
IGDA kvad:
”Sigurd sit der
skvett med blod,
han yver elden
held orme-hjarta;
klok eg kalla
kulten denne
um sjølv han slukte
det skinande hjarta.”

32.
DEN ANDRE kvad:
”Regin ligg der
og lurer på vondt,
vil svike sveinen
som sit so trugen;
range råder
Regin no legg
og vil brotsverk gjera
til bror sin å hemne.”

33.
DEN TRIDJE kvad:
”Eit hovud stuttare
skulde han no
gråskjeggen hive til hel;
det raude gullet
då hadde han eine
alt liggjande fe-et hans Fåvne.”

34.
DEN FJORDE kvad:
”Klok han vøre,
kunde han nytte
sannord sagde
av systrar mine;
um han hugsa seg sjølv,
han Hugin gledde;
til ulv er det von,
når øyro ein ser.”

35.
DEN FEMTE kvad:
”Inkje so klok
kappen tykktest
som det ein her-førar
høvelegt var,
når den eine broren
han unnte ‘kje liv,
men den andre lét han
undan koma.”

36.
DEN SETTE kvad:
”Uklok er han,
um han endå sparer
slik fårleg fiende;
Regin ligg der
og lurer på svik
men det ikkje han ansar.”

37.
DEN SJUANDE kvad:
”Av kaldlege jotun
skuld’ han kappe hovud
og råde ringane alle
då liggjande fe-et
som Fåvne hadde
han eine kom til å eige.”

38.
SIGURD kvad:
”So rik på lukke
vert Regin aldri,
at han skal mitt bane-ord bera;
båe brødrar
bråleg dei skal
helvegen hedan fara.”

Sigurd hogg hovudet av Regin, og so åt han hjarta til Fåvne og drakk blodet både til Fåvne og Regin. Då høyrde Sigurd kva igdune mælte:

39.
”Bind ihop du
baugar raude,
kongar kann ikkje
kvide lenge;
møyi eg veit
som makelaus er,
gullfagre drosi,
som du kann vinne.

40.
Til Gjuke det gjeng
grøne brauter,
dit forloga fører
ferdamannen;
der dyre drotnen
hev ei dotter ali,
kappen ho kann
til kone seg få.

41.
Ein sal er på høge
Hindar-fjellet
han all er utan
med eldlogar ringa,
han hev vise
vette bygt upp
av det skiraste
strålande gull.”

42
Eg veit på fjellet
valkyrja søv,
og yver ho jamt
eldingar leikar.
Ygg henne stakk
med svimetornen
for ho vog slike menn
som å vara han ynskte.

43
Sjå fær du, svein,
skjoldmøy kvile,
ho som frå valen
Vingskorne reid.
Sigerdriva søv,
og ho sjølv ikkje kann
slite svevnen,
so sette det norner.

Sigurd reid etter fáret hans Fåvne til bølet hans og fann det ope, der var dør og gått av jarn, av jarn var ogso alle bjelkar i huset og det var gravi ned i jordi. Der fann Sigurd stormykje gull og fyllte tvo kistur, han tok øgjeshjelmen og ei gullbrynje og sverdet Rotte og mange dyrgripar, og han klyvja Grane med dette, men hesten vilde ikkje fram, fyrr Sigurd steig på ryggen hans.


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.