Den stutte Sigurdskvida

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif


Edda-Kvæde

Norrøne fornsongar

(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved

Ivar Mortensson-Egnund


Den stutte Sigurdskvida


Brynhild
Postkort fra 1897 af Gaston Bussière (1862-1929)
1.
I old gjekk til Gjuke
den guten unge,
volsung-kjempa,
som vann paa Faavne.
Trygd der tok han
av tvo av brødrom,
heilage eidar
hardt vart bundne.


2.
Dei møyi baud han
og mange dyrgripar,
Gudrun unge
Gjukes dotter.
Dei drakk og drøste
i dagar mange,
Sigurd unge
med søner til Gjuke.


3.
Sidan til Brynhild
paa beling dei fór:
saman med Sigurd
strauk dei i veg
— Volsung unge
var vegtam fulla — ;
han skulde aatt ho,
men det ikkje han maatte.


4.
Sigurd sudrøne
la sverdet bjarte,
krota og kvesst,
paa kvila i millom.
Ikkje han kvendet
kysse vilde
eller hava i arm,
den hunske drotnen;
han andre unnte
den unge møyi.


5.
Lite av leidt
ho i livet visste,
lite um lagnad
som leikar illsleg.
Heil i hugen
ho hugsa ’kje vondt,
fyrr grime norner
graat henne valda.


6.
Ho eine sat ute
ved aftans tid,
braatt so barst det
bod fraa hugen:
«Eg skal ungan
Sigurd eige
eller sitt liv
skal kjempa lata.


7.
Dei ordi eg tala
tregar eg alt.
Han gift er med Gudrun
og eg med Gunnar.
Ljote norner
gav langan traa.»


8.
Ho ofte gjeng ut,
ill i hugen,
yver isar og jøklar
ved aftans tider,
naar Gudrun i seng
gjeng med Sigurd,
og Sigurd ho sveiper
i slikjande lin.


9.
«Søtt ho sovnar
med Sigurd i arm.
Saart eg saknar
sæla i livet.
Tungt meg trøyster
tregen svarte.»


10.
Tankar tunge
til tyning eggja:
«Gleppe skal alt
deg Gunnar av hand:
landi mine
og like eins eg,
aldri eg meir
uner med deg.


11.
Heim att eg fer
der eg fyrr hev vori,
der eg hev alle
ættfolki mine.
Der mun eg sitja
og sova livet,
utan du Sigurd
støyter i koll,
og stig i sessen
sjølv den høgste.


12.
Saman med faren
lat fylgje sonen;
ulve-ungen
du ale ’kje lenge!
hemnar-handi
hindrast med di,
naar ikkje lenger
det lever ein son.»


13.
Harmfull Gunnar
og hugsjuk vart,
sat og sturde
stødt um dagen.
Rett aa raade
raadlaust tottest
kva honom no helst
høvde aa gjera,
kva honom no best
bata aa gjera,
daa eidar han visst
til volsungen batt,
og etter Sigurd
vart saknaden stor.


14.
Ymist han tenkte
jamt og lenge.
Slike var ikkje
sedene fyrr,
at kona seg burt
fraa kongen vende.
Henta han so
Hogne til samraad,
der hadde han funni
ein fulltrugen ven:


15.
«Byrge Brynhild,
Budles dotter,
henne eg held
hævast av kvende.
Fyrr skal eg lata
livet mitt eige,
fyrr eg misser
den møy i druste.


16.
Mykje me vinn,
kann me vega kjempa.
Malmen fraa Rin
raade me daa,
straalande gull
sæle oss gjer,
og i alle vaare dagar
skal me unelegt leva.»


17.
Lite-vetta
lét han til svar:
«Ikkje det sømer
slikt verk gjera:
med sverd kløyve
svorne eidar,
eidar svorne
og ærleg semje.


18.
Eg veit ’kje i verdi
so ven ei ætt
eller mætare
menn aa skoda,
fær me fire
folket styre,
og so den hunske
her kjempa lever.


19.
Fær me fem oss
fostre søner,
aukar me heimen
med hæve eldre.
Vel eg veit det
kva veg dette gjeng:
ein steggleg brennhug
det sit i Brynhild.»


20.
GUNNAR kvad:
«Me skal giren
hjaa Gutorm vekkje,
unge bror vaar,
uklok er han.
Han er utum
eidar svorne,
svorne eidar,
ærleg semje.»


21.
Uvandt aa eggje
atale sveinen.
Sverdet Sigurd
stod i hjarta.


22.
Men rask til hemn
seg reiste kjempa,
svinga mot sellen
sverd i vêret.
Gramen glumde
Gutorm i hovud,
bjarte branden
beit fulla enn.


23.
Skar honom sund
i stykke tvo,
hender og hovud
hivdest av stad,
og fot-luten
fall der attmed.


24.
Sovande Gudrun
i sengi der laag
ved Sigurds side
sorglaus og trygg.
Men upp ho vakna
til vonbrot kaldlegt,
daa Frøys ven ho saag
flaut i sitt blod.


25.
Ho hendene slo
saman med graat,
men hovudet daa
hardhausen lyfte:
«Graat ikkje Gudrun
grime taarer,
du mi unge brur,
med brødrar du hev.


26.
For ung er endaa
ervingen vaar
til burt aa fljuge
or fiende-gard.
Men aldri dei slik
ein systerson fær,
um dei sidan søner
sjau mun ala.


27.
Dei emna so braatt
ei øgjeleg raad,
og svik dei skamlaust
sette i verk.
Men vel eg det veit
kven verket hev gjort:
Brynhild eine
den bragdi øvde.


28.
Heit var hennar
hugtraa til meg,
men Gunnar eg aldri
grande kunde;
heilage heldt eg
dei harde eidar,
aldri eg vøre
elsk-ven til kona.»


29.
Gudrun stunde,
men guten slokna.
Daa saart ho saman
slo sine hender,
so i kvar ei kraa
kalkane skrall,
og gjæser i garden
gjallande skreik.


30.
Lo daa Brynhild
Budles dotter
einaste gongen
av all sin hug,
der ho laag og lydde
paa ljomande graat
fraa den fræge
Gudrun-fruga.


31.
Kvad daa Gunnar
kongen høge:
«Du lær ’kje av dette,
du leide kona,
og gladværug gjel
for gullet me fær.
Kvi skifter du let
og skin som ein naae,
du forfang fostra,
feig mun du vera.


32.
Det du vøre
verdt no kvende,
at for augo dine
me Atle hogde,
og bror din du saag
blodug liggje,
og grinande saar
aa grøde du fekk.»


33.
BRYNHILD kvad:
«Ingen neiser
slik ov-kar som deg,
men aldri du Atle
med ovund skræmer.
Lenger enn deg
skal han livet njote,
og stødt han stande
sterkaste mann.


34.
Eg segjer deg, Gunnar
det du sjølv veit vel,
kor braatt de baae
baud til med svik.
Ingen der var
som vondt meg gjorde,
og flust eg levde
i lag med bror min.


35.
Aldri eg ynskte
aa eige ein mann,
fyrr de kjempur
køyrde til gards;
tjodkongar tri
til tunet vaart kom
betre dei hadde
heime vori.


36.
Atle meg daa
i einmæle sae
at ingen havang
eg hadde aa vente,
korkje gull eller land,
utan giftast eg vilde.
Inkje fekk eg
av eigne-luter,
inkje arven min eigen
som dei ung meg gav,
erve-gullet
dei gav aat barnet.


37.
Tvilar lenge
tyngde hugen:
skulde eg heller
i herferd fara
budd med brynje
og bror min trasse.
Vidt det vorte
i verdi gjeti,
mange sveinar
til sorg og møde.


38.
Semje til slutt
me sette um dette,
eg brydde meg meir
um baugar av gull,
ringar raude
som Sigurd raadde,
annan manns eign
eg aldri traadde.


39.
Men guten gilde
eg gav min lovnad,
som gull-prydd der sat
paa Grane-ryggen.
Augo straala
annleis enn dine,
kor byrg og briken
du buggen enn er.


40.
Ingen annan
eg elska enn han,
aldri lauslynd
leika min hug,
alt det mun Atle
etterpaa sanne,
naar han fretter
at fraa eg er falli.


41.
Inkje vere
so veikt eit kvende
at med velur ho freistar
ein framand mann.
[Dauden einast
daa meg høver],
der skal min harm
hemnen sin faa.»


42.
Upp reis Gunnar,
gjukung-drotnen,
um halsen hennar
han handi lagde.
Ein etter annan
dei alle freista
med heilom hug
henne aa trøyste.


43.
Ho fløygde dei fraa seg
kva folk der so kom,
ho lét seg ’kje telja
fraa den lange gonga.


44.
Hogne han daa
henta til samraad:
«Sveinar ho sjaa
i salen alle,
mine og dine,
dyrt det no trengst;
dei lyt freiste aa møte
mord-tankane,
til tidi fær lækje
lidande sjel.»


45.
HOGNE kvad:
«Lagnaden lyt
likevel styre.
Lat ingen raade
fraa reisi den lange,
attfødd paa jord
aldri ho verte,
til mein vart ho fødd
or moders liv.»


46.
Misnøgd mannen
fraa møtet gjekk burt
dit som drosi
deilde sitt gull
og yversyn tok
yver eigune sine,
drepne trælar
og tenest-kvende.


47.
Ho i gull-brynje fór,
god var ’kje hugen,
fyrr staalet det bjarte
sat ho i hjarta.


48.
Ved sida til sengi
seig ho daa ned
og i andlaatom laag,
men ho lagde raader.


49.
«Gange no hit
dei som gull vil eige
og gaavur gjæve
gjerne vil hava,
alle fær dyre
eigne-luter,
bjarte klæde
og blæjur kvite.»


50.
Dei lenge tagde
til talen hennar,
daa alle som ein
andsvaret gav:
«D’ er mange nok daude,
men me vil leva,
salkonur vera
og skipa di avferd.»


51.
Lenge den linkvite
laag og tenkte,
unge drosi,
til ords tok ho so:
«Ikkje eg ynskjer
at uviljug nokon
skal fylgje meg no
paa ferdi den siste.


52.
Av Menja sitt mjøl
daa mindre det vil
brennast paa baal
med beini dykkar,
naar de framkomne vil
paa vitjing aat meg.


53.
Set deg, Gunnar,
med ho segjer dette,
or livsvoni gjengi,
di ljose brur.
Endaa baaten dykkar
ber langt av stad,
um eg mun vera
i andlaatom komi.


54.
Din ven Gudrun vert
vonom snøggare
klumsa av gamle
kona trollkunnig,
so minnet dovnar
um drepne mannen.


55.
Ho mor skal verte
til møy i so ven,
meir skir og kvit
enn klaare dagen,
ho som Svanhild skal heite
solar-geisle.


56.
Du gjeva skal Gudrun
til gjævaste kongen,
mange er dei menn
til mein ho vert.
Ikkje godviljug gjeng ho
til giftarmaalet.
Atle mun henne
eige til viv,
Budle-sonen,
bror min eigen.


57.
Mangt eg minnest
kor de meinsame var
og meg saara i hjarta
med svikfull framferd,
hugsprengd vart eg
for heile livet.


58.
Oddrun aa eige
du ynskje deg vil
men Atle deg ikkje
unner henne.
I løyndom de freistar
aa finne kvarandre;
ho elske deg vil
som eg det skulde,
um lagnaden hadde
det laga soleis.


59.
Ille med deg
vil Atle fara,
stengje deg inn
i orme-garden.


60.
Sidan det vil
snu seg til dess,
at Atle ogso
i andlaatom kjem,
sæla han saknar,
sønene fell,
for Gudrun honom
grim er i hug
og med sverd honom feller
i sengi hans eigi.


61.
Meir sømde det Gudrun,
syster dykkar
aa fylgje i dauden
fyrste mann sin,
um gjæve frendar
gav henne raad,
eller um hug-staal
ho hadde som eg.


62.
Vel eg det veit
og varsamt det segjer,
aldri ho livet
vil lata for meg.
Ho mun hevjast
av høge baarur
av til Jonakers
odalstufter.


63.
Ho skal avkjøme ala,
arv-takarar,
ho arv-takarar
med Jonaker fær.
Svanhild ho daa
sender av land,
skire møyi
med Sigard ho aatte.


64.
Beiskt skal bite
Bikkes raader,
for Jormunrek han
paa illraad lyder.
Daa all er fari
ætti hans Sigurd,
og Gudrun fær meir
til graate yver.


65.
Den eine bøni
bed eg deg no,
ho her i verdi
mun vera den siste.
Breidan borg
du byggje paa voll,
so jamstort romet
me alle mun faa,
som saman med Sigurd
skreid ut or livet.


66.
De borgi skipar
med skjoldar og tjeld
med vene vevar
og velske sveinar.
So ved Sigurds
side meg brenne!


67.
So ved Sigurds
side de brenne
tenarane
tæglegt prydde,
tvo ved hovud
og haukane tvo,
daa er det alt
jamstelt skipa.


68.
Egg-kvasst staal,
sverdet gullprydt
skal de lata
liggje millom oss,
som daa til saman
i seng me laag,
og me eit hjon
heitande vart.


69.
Hurdi i halli,
den herleg prydde,
slepp daa aa slaa
Sigurd i hælen,
naar ferdi mi stor
mun fylgje honom,
ikkje vaar avferd
skal audsleg vera.


70.
Honom skal fylgje
fem ternur,
aatte drengjer
av ætter gode,
fostra saman
fraa daa smaae me var,
dei som Budle
barnet sitt gav.


71.
Mangt eg mælte,
meir var det fulla,
um meisteren meg
hadde maalrom gjevi.
Men tunga tagnar,
tung vert anden;
sant eg sae,
no sloknar eg burt.»